Belg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Belg i Rheinland-Pfalz.
Peanøtter i skolmar.

Belg (av norrønt belgr) kan visa til ulike typar kapsel, pose eller ilåt som inneheld luft og kan pressast saman.

For plantar viser belg eller skolm til ei frukt som er danna av eitt fruktblad. Frukta dannar ein einromma kapsel som kan opna seg langs rygg- eller buksaumen. Ertebelgar opnar seg langs begge saumane. Sjå belgfrukt.

Belg av ulv sydd om til ein talisman.

For dyreskinn kan det visa til pelsen på eit levande dyr, eit heilt skinn som er rengt av eit dødt dyr, eller ein sekk laga av eit belgflådd skinn. I gammal tid blei slike belgar mykje brukt til transport av varer, til å bere barn i eller til å stikka bein og underkropp i under kjøring i sterk vinterkulde.

Blåsebelg brukt av bakar i Tyskland.

Innan teknikk kan ein belg eller blåsebelg brukast i samband med eld for å tilføra luft. Han kan til dømes brukast i ei smie for å halda kolet glødande eller heime som peispustar.

Blåsebelgar kan også utgjera luftverket i særskilde blåseinstrument som pipeorgel, harmonium, sekkepipe, trekkspel og lirekasse. Her kan dei ulikt utforma belgane pumpa inn luft til pipene eller tungene i instrumentet.

I ein trål blir midtstykket kalla belg. Framfor belgen er taket (square) og vengene. Bak belgen er eit forlengingsstykke som går over i fiskeposen (cod end).

Andre ting som minner om belgar kan også kallast belg, som belgen i eit gammaldags fotoapparat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Belg: botanikk» (25. mars 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juli 2015.
  • «Belg: fiskeri» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juli 2015.
  • «Belg: musikk» (22. juni 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juli 2015.
  • «Belg: teknikk» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juli 2015.
  • «Belg: zoologi» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juli 2015.
  • «Ertebelg» (16. desember 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. juli 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belg