Benjamin Compaoré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benjamin Compaoré


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. august 1987 (36 år)
Bar-le-Duc
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tresteg herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg menn

Benjamin Compaoré (fødd 5. august 1987) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar som i 2014 vart europameister i tresteghopp.

Compaoré sette personleg rekord med eit hopp på 16,61 meter då han i 2006 vann tresteg-øvinga i junior-VM i Beijing. I 2008-sesongen hoppa han 17,05 m i Strasbourg og kryssa 17-metersgrensa. Ved EM i friidrett 2010 i Barcelona kom han på femteplass med 16,99 m. Året etter vart han med 17,17 meter nummer 8 under Friidretts-VM i Daegu. I 2012 la han beslag på sjetteplassen under dei olympiske leikane i London.

Compaoré sin største dag kom i EM i friidrett 2014 i Zürich. I finalen sette han i den fyrste omgangen personleg rekord med 17,46 m og sikra seg gullmedaljen på suverent vis. Nøyaktig ein månad seinare, den 14. september, presterte han livsbeste 17,48 meter og vart bestemann i tresteg-tevlinga ved Kontinental-cupen i Marrakech. Sidan vart han nummer 12 i Beijing-VM 2015 med 16,63 m og nummer 10 med 16,54 m i OL-finalen 2016 i Rio de Janeiro. I mellomtida kom han på tredjeplass i Hall-VM 2016 i Portland med 17,09 m, slått av kinesiske Dong Bin og Max Hess frå Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]