Benjamin Zephaniah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benjamin Zephaniah
Benjamin Zephaniah University of Hull.jpg
Fødd 15. april 1958 (62 år)
Handsworth
Yrke skodespelar, lyrikar, skribent, songar
Benjamin Zephaniah på Commons

Benjamin Obadiah Iqbal Zephaniah (fødd 15. april 1958) er ein britisk diktar og forfattar av romanar og ungdomsbøker.[1][2] I 2008 blei han lista opp blant dei 50 viktigaste etterkrigsforfatterane i Storbritannia.[3] [4]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sitat av Benjamin Zephaniah ved Birmingham History Galleries.

Benjamin Zephaniah voks opp i eit bustadområde i Handsworth utanfor Birmingham, med ein barbadosfødd far som var postmann og ei jamaikansk mor som var sjukepleiar.[5][6] Han har dysleksi, og slutta på skulen då han var 13 år gammal. Då hadde han korkje lært å lesa eller skriva.[6] Dei litterære påverknadene hans kom frå rap, annan munnleg poesi og Bibelen. Han hadde sin første opptreden som tiåring i kyrkja.[7] Då han var femten var han allereie kjend for poesien sin i den afro-karibiske og asiatiske folkesetnaden i Handsworth.[8]

Zephaniah kom tidleg i klammeri med politiet, og sat i fengsel for innbrot.[6][9] 22 år gammal flytta han til London for å få betre moglegheiter og eit større publikum.[5]

Han blei aktiv i eit arbeidarkooperativ i Stratford i London, og dette førte til utgjevinga av den første diktsamlinga hans, Pen Rhythm (Page One Books, 1980). Zephaniah har sagt at målet hans er å kjempa mot «the dead image of poetry», og å ta poesien overalt, også til folk som ikkje les bøker. Derfor heldt han diktopplesingar med musikk, konsertaktige opptredenar kjende som dub-poesi.[5] Dei munnlege poesiframføringane hans har samla stort publikum, og han har gjeve ut fleire plater.[10]

I 1982 gav han ut albumet Rasta, som inneheldt The Wailers si første innspeling sidan Bob Marley hadde døydd, i tillegg til ei lovprising av Nelson Mandela. Albumet gav han internasjonal prestisje,[11] og landa på toppen av den jugoslaviske poplista.[8][11] Mandela, som då var i fangenskap på Robben Island, høyrde innspelinga.[7] Etter at han blei fri møtte den komande sørafrikanske presidenten diktaren, og i 1996 bad Mandela om at Zephaniah skulle leia konserten hans Two Nations Concert i Royal Albert Hall i London. Zephaniah var «poet in residence» ved advokatkontoret til Michael Mansfield QC. Han følgde med på granskinga av Bloody Sunday og andre saker, og desse erfaringane førte fram til diktsamlinga Too Black, Too Strong (2001).[6]

Zephaniah er engasjert i mange politiske spørsmål, som veganar, republikanar, for Amnesty og Animal Liberation Project, til støtte for dysleksi, og som rastafarianar.[12]

Zephaniah fekk også suksess med diktsamlingane for ungdom Talking Turkeys (1995), Funky Chickens (1997) og School's Out, Poems Not for School (1997).[10]

Den første prosaboka hans var romanen Face (1999), som både kan lesast som ein ungdoms- og ein voksenroman. Refugee Boy (2001) skildrar ein ung etiopisk flyktning i London. We Are Britain! (2002) er ei diktsamling for barn, der temaet er ei oppvurdering av det multietniske britiske samfunnet.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Zephaniah tek imot Hancock-prisen ved Cambridge Folk Festival 2008 med Martin Carthy i bakgrunnen.

Zephaniah har vunne BBC sin Young Playwright's Award.[13]

Han har motteke fleire æresdoktorat, mellom anna frå University of Birmingham i heimbyen i 2008,[14] University of North London 1998,[13] the University of Central England (in 1999), Staffordshire University (in 2001),[15] London South Bank University i 2003 og University of Exeter og University of Westminster i 2006.

Han har òg vore Writer in residence ved Keats House. Han er òg kjend for å ha takka nei til å bli utnemnd til offiser av Order of the British Empire i 2003.[16]

Han vann prisen for Best Original Song ved Hancocks 2008 og Talkawhile Awards for Folk Music[17]) for sin versjon av Tam Lyn Retold med The Imagined Village. Han tok imot prisen ved The Cambridge Folk Festival 2. august 2008, og omtalte seg sjølv som ein «Rasta Folkie».[18]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

  • Pen Rhythm (1980)
  • The Dread Affair: Collected Poems (1985) Arena
  • City Psalms (1992) Bloodaxe Books
  • Inna Liverpool (1992) AK Press
  • Talking Turkeys (1995) Puffin Books
  • Propa Propaganda (1996) Bloodaxe Books
  • Funky Chickens (1997) Puffin
  • School's Out: Poems Not for School (1997) AK Press
  • Funky Turkeys (Audiobook) (1999) AB hntj
  • White Comedy (Unknown)
  • Wicked World! (2000) Puffin
  • Too Black, Too Strong (2001) Bloodaxe Books
  • The Little Book of Vegan Poems (2001) AK Press
  • Reggae Head (Audiobook) 57 Productions

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Face (1999) Bloomsbury
  • Refugee Boy (2001) Bloomsbury
  • Gangsta Rap (2004) Bloomsbury
  • Teacher's Dead (2007) Bloomsbury
  • Terror Kid (2014) Bloomsbury[19]

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

  • We are Britain (2002) Frances Lincoln
  • Primary Rhyming Dictionary (2004) Chambers Harrap
  • J is for Jamaica (2006) Frances Lincoln
  • My Story (2011), Collins
  • When I Grow Up (2011), Frances Lincoln

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • Kung Fu Trip (2011), Bloomsbury
  • The Life And Rhymes of Benjamin Zephaniah (2018), Simon & Schuster[20]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Rasta (1982) Upright (gjenutgjeve 1989) Workers Playtime (UK Indie #22)[21]
  • Us An Dem (1990) Island
  • Back to Roots (1995) Acid Jazz
  • Belly of De Beast (1996) Ariwa
  • Naked (2005) One Little Indian
  • Naked & Mixed-Up (2006) One Little Indian (Benjamin Zephaniah Vs. Rodney-P)
  • Revolutionary Minds (2017) Fane Productions

Singlar, EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Dub Ranting EP (1982) Radical Wallpaper
  • "Big Boys Don't Make Girls Cry" 12-inch single (1984) Upright
  • "Free South Africa" (1986)
  • "Crisis" 12-inch single (1992) Workers Playtime

Gjesteopptredenar[endre | endre wikiteksten]

  • "Empire" (1995) Bomb the Bass med Zephaniah & Sinéad O'Connor
  • Heading for the Door by Back to Base (2000) MPR Records
  • Open Wide (2004) Dubioza kolektiv (C) & (P) Gramofon
  • Rebel by Toddla T (2009) 1965 Records
  • "Illegal" (2000) frå "Himawari" av Swayzak
  • "Theatricks" av Kinobe (2000)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Offisielt nettsted». 
  2. «britishcouncil.org». Arkivert frå originalen 2013-07-27. Henta 21. mai 2013. 
  3. Benjamin Zephaniah, The 50 greatest postwar writers: 48 TimesOnline UK
  4. Zephaniah, Benjamin. "'Me? I thought, OBE me? Up yours, I thought'", The Guardian, 27 November 2003.
  5. 5,0 5,1 5,2 "Biography" Arkivert 12 April 2008 ved Wayback Machine., BenjaminZephaniah.com. Retrieved 13 April 2008.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Kellaway, Kate (2001) "Dread poet's society", The Guardian, 4. november 2001.
  7. 7,0 7,1 https://benjaminzephaniah.com/biography/
  8. 8,0 8,1 Larkin, Colin (1998), The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, ISBN 0-7535-0242-9
  9. "ARTICLE: Interview with Raw Edge Magazine: Benjamin talks about how life in prison helped change his future as a poet. Arkivert 20 May 2009 ved Wayback Machine.", Raw Edge magazine, issue 5, Autumn/Winter 1997.
  10. 10,0 10,1 Julia Eccleshare. Beatrix Potter to Harry Potter, portraits of children’s writers. National Portrait gallery, 2002. ISBN 1-85514-342-9
  11. 11,0 11,1 «Brighton Magazine – Benjamin Zephaniah: Well Read Rastafarian Poet Comes To Lewes». Magazine.brighton.co.uk. 
  12. Has Snoop Dogg seen the Rastafari light, or is this just a midlife crisis?
  13. 13,0 13,1 Gregory, Andy (2002), International Who's Who in Popular Music 2002, Europa, s. 562. ISBN 1-85743-161-8.
  14. Collins, Tony (2008) "University honour for Doug Eliis",Birmingham Mail, 11. juli 2008
  15. «Recipients of Honorary Awards». Staffordshire University. Arkivert frå originalen 22 February 2013. Henta 16 April 2013. 
  16. Rasta poet publicly rejects his OBE av Merope Mills. The Guardian 27. november 2003.
  17. «TalkAwhile UK Acoustic music forum». Talkawhile.co.uk. Henta 10 May 2011. 
  18. «Best Original Song». Talkawhile.co.uk. 3. august 2008. Henta 10. mai 2011. 
  19. Zephaniah, Benjamin (2014). Terror Kid. Bloomsbury. ISBN 978-1471401770. 
  20. Jonasson, Jonas (15. august 2017). «S&S scoops Zephaniah's memoir». The Bookseller. Henta 27. august 2018. 
  21. Lazell, Barry (1997) Indie Hits 1980–1989, Cherry Red Books, ISBN 0-9517206-9-4