Bere Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bere Island
Lokalt namn: An tOileán Mór
Geografi
Bear Island.png
Stad Bantry Bay
Koordinatar 51°38′N 09°53′WKoordinatar: 51°38′N 09°53′W
Høgaste punkt Knockanallig (270 moh.)
Administrasjon
Land Irland
Grevskap County Cork
Demografi
Folketal Om lag 200

Bere Island (irsk: An tOileán Mór) er ei øy vest i County Cork i Republikken Irland. Øya vert óg kalla Bear Island.

Segna fortel at den andre kongen av Munster, Mogh Nuadat, kalla øya opp etter kona si, Beara, dottera til Heber Mor, Kongen av Castile.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya ligg i Bantry Bay vest i County Cork, om lag 1,5 km utanfor hamna Castletownbere. To ferjer, som kan ta lette køyretøy, går til øya. Det høgaste punktet på øya vert kalla Knockanallig (270 moh.). Hovudhamna heiter Lawrence Cove, nær den største landsbyen Rerrin (Raerainn), aust på øya. Kyrkja og gravstaden ligg i Ballinakilla.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I dag bur det om lag 200 menneske på øya, men i tidlegare tider var talet langt høgare. Etter ei folketeljingi 1841 budde det 2 122 innbyggjarar på øya, men i 1851 var folketalet minka til 1 454 på grunn av Hungersnauden i Irland. Folketalet haldt fram med å falle utover 1800- og 1900-talet som følgje av emigrering.

I motsetnad til mange andre øyar utfor irskekysten har innbyggjarane på Bere Island i dag engelsk som morsmål. Dei fleste på øya slutta å snakke irsk mellom 1880 og 1885.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Av tidleg spor av menneske finn ein mealittiske grave og bautasteinar.

Øya var eigd av O'Sullivan Bere-klanen fram til dei gæliske høvdingane mista makta i 1602. I denne perioden vart øya militærstrategisk viktig då Sir George Carew gav ordre om å bygge ein veg over øya for å transportere britiskvenlege styrkar til omleiringa av Dunboy.

I desember 1796 segla ein fransk flåte leia av General Hoche inn i Bantry Bay med hjelp frå Wolfe Tone, leiaren til United Irishmen. Ugunstig vind hindra hovudstyrken i å gå i land og til slutt spreidde flåten seg og reiste heim. I august 1798 vart et gjort eit nytt forsøk på invasjon ved Killala i County Mayo, etter det irske opprøret i 1798.

Resultatet av desse hendingane var at britiske styresmakter gjekk gjennom forsvarsplanane sine og i 1803, då landet igjen var i krig med Frankrike vart oberstløytnant William Twiss sendt til Irland for å sette opp ein forsvarsplan i landet. Som ein del av dette skulle han vurdere kva forsvarsverk ein skulle ha i Bantry Bay.

Kontreadmiral Sir Robert Calder, som kommanderte skvadronen med base i Bantry Bay, skreiv til Rt. Hon. William Wickham 22. desember 1803 for å be om vern for hans proviant- og lagringsskip, som skulle ha base i Berehaven. Wickham sa seg einig i at ein trong vern for skipa og instruerte Lord Cathcart om å sette ingeniørane sine i arbeid.

Bere Island-tårna stod klar 2. februar 1805 og var truleg dei første irske tårna som vart bygd. Dei fire tårna, alle sirkulære og bygd av natursteinsmurar, skulle forsvare ankerstaden mellom fastlandet og den vetle hamna i Lawrence Cove på Bere Island.

I tillegg vart Martellotårna, eit signal tårn, forlegning for to offiserar og 150 menn, ein kai og lagerhus óg bygd.

Etter Napoleonskrigane følgde ein periode med militær stagnasjon. Dette enda i 1898 då det britiske militær utførte ein eksproprieringsavgjersle av store område på øya for å utvide festningsverka og utvide vernet av den britiske flåten i bukta.

I 1922, etter den anglo-irske avtalen etter den irske sjølvstendekrigen, trekte britane seg tilbake frå dei fleste områda på Irland, men tre djupvasshamner ved Berehaven, Queenstown (omdøypt til Cobh) og Lough Swilly, vart verande under britisk suverenitet fram til 1938.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]