Berggylte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Berggylte


Gamal teikning av berggylte
Gamal teikning av berggylte

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Perciformes
Familie: Labridae
Slekt: Labrus
Art: ''L. bergylta''
Vitskapleg namn
Labrus bergylta
Berggylte
Norske dialektnamn
knossa (stril) knosa (stril)
Namn på andre språk
Engelsk Ballan wrasse
Tysk Gefleckter Lippfisch
Fransk Vieille, vieille commune

Berggylte er ein fisk i leppefiskfamilien. Ho finst på grunt vatn langs kysten frå sørlege Portugal og nord til Trondheimsfjorden, og er den største arten i familien sin i norske farvatn. Kjøtet er godt, men vert ikkje utnytta økonomisk i nokon særleg grad. Berggylta har mykje bein.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Berggylta er kraftig bygd og relativt høg. Ho har butt snute og lita munn med tjukke lepper og kraftige tenner. Fargen varierer, vanlegvis frå grøn til brun, men aldri med tydelege flekkar. Ofte er kroppen marmorert. Ein kan skilja ho frå andre leppefisk ho kan forvekslast med ved å telje piggstrålar i gattfinnen; berggylta har berre 3 der dei nærskylde brungylte og grasgylte har fem-seks.

Berggylta kan bli 66 cm lang med ei vekt på 4,35 kg, men er vanlegvis mellom 30 og 50 cm. Dei største eksemplara er eldre hannar.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Berggylta lever på grunt vatn ned til 50 m, vanlegvis treffer ein på ho frå fjæra og ned til 20 m. Ho går djupare om vinteren enn om sommaren. Arten trivst best på steinbotn eller langsmed fjellveggar med mykje makroalger. Han et hovudsakleg muslingar, små krepsdyr som rur og sniglar han skrapar laus frå fjellet og knusar med dei kraftige tennene sine. Det hender òg berggylta tek børstemark.

Berggylta byggar reir i fjellveggen av algebitar ho «limer» fast med slimtrådar. Gytetida er frå mai til august, og hannen passar på dei 500-1300 egga i om lag ei veke, til dei klekker. Larvane lever pelagisk fram til hausten. To til tre år gamle vert dei kjønnsmogne hoer. Som så mange andre leppefisk skiftar ho kjønn i løpet av livet sitt, vanlegvis utviklar dei seg til hannar frå seksårsalderen. Berggylta kan bli nesten 25 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gjøsæter, Jakob: «Piggfinnefisker» i Norges dyr
  • FishBase