Bernhard Berthelsen
| Bernhard Berthelsen | |||
| Fødd | 16. mars 1897 Sør-Audnedal | ||
|---|---|---|---|
| Død | 25. august 1964 (67 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre, Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, tollar, idrettsleder, fotballdomar | ||
| Alle verv |
| ||
Bernhard Berthelsen (16. mars 1897–25. august 1964) var ein norsk tollar frå Arendal som representerte Venstre og kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget i to valperiodar frå 1945 til 1953.
Berthelsen var son til ein sjømann. Etter å ha gått middelskulen arbeidde han i tolletaten frå 1914, i Kristiansand og Arendal. I 1928 rykte han opp til tollkontrollør, frå 1946 arbeidde han som tollinspektør i Arendal. Perioden 1951-57 var han distriktssjef i Bergen tolldistrikt og 1957-64 var han driftssjef i Tolldirektoratet.
Berthelsen var medlem i bystyret i Arendal frå 1934 til 1946. Etter å ha flytta til Bergen var han valperioden 1956-59 bystyremedlem også der. Før den tid var han stortingsrepresentant for partiet Venstre og dei sju kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder i to samanhengande periodar; 1945-49 og 1950-53. Alle åtte tingsesjonane var han sekretær i Administrasjonskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi
- Norsk tollkalender 1953. Oslo. 1953. s. 138.
- Norsk tollkalender 1942. Oslo: Grøndahl. 1942. s. 46.
- Grøndahl, Øyvind Nordbrønd (2004). Det norske tollvesens historie : Tiden etter 1940. Oslo: Tolldirektoratet. s. 122.
- «Lindesnes 1964.08.28». 1964. s. 2. Dødsfall
- Einskildmenn
- Fødde i 1897
- Døde i 1964
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for byane i Telemark og Aust-Agder
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Lokalpolitikarar i Arendal
- Venstrepolitikarar i Aust-Agder
- Lokalpolitikarar i Bergen
- Venstrepolitikarar i Hordaland
- Norske tollarar
- Folk frå Lindesnes
- Folk frå Audnedal