Betina Riegelhuth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Betina Riegelhuth

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1987 (36 år)
Ski kommune
Yrke handballspelar
Høgd 1,84 meter

Betina Riegelhuth (fødd 17. juni 1987) er ein norsk handballspelar frå Ski i Akershus. Ho vart europameister i 2014 og verdsmeister i 2015. Linn-Kristin Riegelhuth er hennar eldre syster.

Riegelhuth spelte på oslolaga Njård IL 2003-06 og Bækkelaget SK 2006-08. Frå hausten 2008 har ho spelt på Hamar-laget Storhamar i norsk eliteserie, med unnatak for sesongen 2015/16, då ho var med å vinne denne dansk toppserien i handball for kvinner med Esbjerg.

Riegelhuth fekk ein einsleg landskamp sommaren 2010, landskamp nummer to kom våren 2013. Ho meisterskapsdebuterte i Handball-EM 2014, der ho skåra to mål i finalen og vann EM-gull. Eitt år seinare vann ho VM-gull, ein meisterskap ho fekk heller lite speletid. Ho skåra sitt 52. landslagsmål då ho 20. mars 2016 spelte sin 53. og siste landskamp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 mot Spania
  • VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 mot Nederland
  • Dansk seriemeister: 2015 med Esbjerg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]