Bhimbetka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holemåleri i Bhimbetka.
Frå ei av Bhimbetka-holene.

Bhimbetka er ein arkeologisk funnstad i den indiske delstaten Madhya Pradesh. I Bhimbetka finst fleire naturlege holer og hellerar der det er blitt laga ei rekkje holemåleri frå steinalderen og fram til historisk tid. Bhimbetka blei utnemnd til verdsarv av UNESCO i 2003.

Namnet «Bhimbetka» (devanagari भीमबेटका) skal koma frå «Bhimbaithka», 'sitjestaden til Bhima', og viser til ein gudehelt frå det episke verket Mahabharata. Bhimbetka ligg nær Narmadaelva ved foten av Vindhyafjella, 45 km sør for Bhopal. Holene er danna i sandstein og er omgjevne av tjukk skog med eit rikt plante- og dyreliv. Dette området er no verna som Ratapani Wildlife Sanctuary.

Holemåleria viser menneske i ulike samanhengar og dyr som nashorn, bjørn, hjortar, geiter og storfe. Ifølgje UNESCO skildrar bileta eit liv som liknar det tradisjonelle jakt- og sankesamfunnet til urfolket ved Bhimbetka. Andre typar måleri viser ryttarar til hest, på kamel og elefant, religiøse eller mytologiske motiv og ein scene tolka som dans der ein musikar ser ut til å bruka ei timeglastromme, noko som også er utbreidd i dagens India.

Busetjinga av holene er ført tilbake til sein acheuléen i eldre steinalder med ubroten busetnad fram til sein mellomsteinalder.

Den eldste historiske nedteikninga om holene stammar frå 1888, då dei blei omtalte som ein gammal buddhistisk stad. I 1957 blei dei oppdaga av arkeologen V.S. Wakankar. To stader blei gravne ut av Bajpai, Pandey og Gour i 1971. Til saman er det funne og nummerert 754 bustader med måleri i over 500 av dei. Dei eldste arkeologiske laga i holene, og moglegvis måleria tilknytte dei, er blitt datert til å vera over 100 000 år gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]