Bill Evans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg saksofonisten Bill Evans.
Bill Evans

Fødd16. august 1929
FødestadPlainfield
Død15. september 1980 (51 år)
DødsstadNew York by
FødenamnWilliam John Evans
OpphavUSA
Aktiv1950–1980
Sjangerjazz, modaljazz, cool jazz, postbop
Instrumentpiano
PlateselskapWarner Bros. Records, Concord Records, Fantasy Records, Riverside
Verka somjazzpianist, komponist, dirigent, orkesterleiar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award

Bill Evans (16. august 192915. september 1980) var ein amerikansk jazzpianist. Han er av dei mest beundra og spelte jazzmusikarane i epoken etter bebopen.

Oppstarten[endre | endre wikiteksten]

Han studerte klassisk piano og fiolin frå ung alder, spelte i danseband i tenåra og heldt sin første konsert i New York by rundt 1950. Etter militærtenesta byrja han å jobbe med ei rekke musikarar som Don Elliot og Tony Scott. I 1956 vart det gjeve ut to sentrale innspelingar, Jazz Workshop med George Russel — der Evans briljerte på «Concerto for Billy The Kid» — og hans eigen debut som soloartist, New Jazz Conceptions.

Evans og Miles Davis[endre | endre wikiteksten]

Han samarbeidde kort med Charles Mingus (på plata East Coasting, 1958) før han innleia samarbeidet med Miles Davis. Deltakinga på innspelinga av Kind of Blue (1959) var med på å dra Miles Davis i retning av den modale jazzen.

Davis skal ha beundra Evans sin impresjonistiske stil. Dette var uvanleg i ei tid der dei fleste jazzpianistane spelte i ein meir funky stil.

Kind of Blue vart likevel både starten og slutten på samarbeidet mellom dei to. Bill Evans hadde slutta i Miles-bandet allereie før innspelinga grunna sitt narkotikaproblem.

Evans og Scott LaFaro[endre | endre wikiteksten]

I 1959 danna Evans ein trio saman med bassisten Scott LaFaro og trommisen Paul Motian. LaFaro sitt virtuose bass-spel, Motian sitt rolege driv på trommene og Evans sine polyfoniske harmoniseringar på pianoet var eit høgdepunkt i karriéren til Bill Evans. Dei spelte inn ei rekke studio- og live-plater, blant anna musikken til den legendariske live-LPen Sunday at the Village Vanguard. LaFaro døydde i ei trafikkulukke i 1961, berre ti dagar etter innspelinga av dette albumet. Bill Evans trekte seg då tilbake og heldt ikkje konsertar før mange månader etter ulukka.

Trioformatet og komposisjonane[endre | endre wikiteksten]

I 1963 danna Bill Evans ei ny gruppe saman med Larry Bunker og Chuck Israels. Evans heldt seg stort sett til trioformatet livet ut, i triogrupper med Eddie Gomez og Marty Morell, Gomez og Eliot Zigmund, Bassisten Michael Moore og Philly Joe Jones og til slutt Marc Johnson og Joe LaBarbera.

Han komponerte ei rekke verk. Waltz for Debby er hans mest kjende. Denne var med frå starten og han slutta aldri med å spele han. Andre sentrale komposisjonar var Turn Out The Stars, Very Early og Re: Person I knew.

Han hadde òg si eiga liste med favorittar frå standardrepertoaret, som han utvida litt over tid.

Slutten[endre | endre wikiteksten]

Bill Evans si kroppshaldning ved pianoet — hendene nærast flate ut på tangentane, ryggen bøygd og med andletet nærast ned i tangentane — skapte eit inntrykk av ein inneslutta person. Dette kan skuldast bruken av narkotika, både heroin og seinare kokain.

Trass i sviktande helse, spelte Evans til siste slutt. Det finst innspelingar gjort i dei siste dagane før han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Cook (2006). Richard Cook's Jazz Encyclopedia. Penguin Books. s. 191-192. ISBN 0-14-102646-4.