Hopp til innhald

Billy Wright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Wright


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 6. februar 1924
Ironbridge
Død 3. september 1994 (70 år)
London Borough of Barnet
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1958, VM i fotball 1954, VM i fotball 1950
Utmerkingar kommandør i den britiske imperieorden

Billy Wright, fullt namn William Ambrose Wright, (6. februar 19243. september 1994) var ein engelsk fotballspelar. Han var midtstoppar og i over ti år kaptein på Wolverhampton Wanderers sitt sigerrike lag. Wright spelte 105 landskampar for England, kaptein i 84 av kampane.

Wright spelte på Wolverhampton sitt fyrste-divisjonslag frå 1946 til han la opp sommaren 1959. På sine 490 ligakampar fann han 13 gongar vegen til nettmauskane. I alt deltok han i 541 Wolverhampton-kampar. Han var kaptein for mannskapa som vann FA-cupen i 1949 og sidan sikra klubben tre ligameistertitlar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Wright fekk sin debut 28. september 1946 mot Nord-Irland i Belfast. To år seinare vart han kaptein på landslaget, Nord-Irland var motstandar også då. Wright leia det engelske landslaget tre verdsmeisterskap og 10 VM-kampar. Lengst i turneringane kom England iVM i fotball 1954, der laget rauk ut i kvartfinalane. 28. mai 1959 spelte han i Los Angeles sin 105. og siste landskamp. Han skåra 3 mål for England.

  • Vinnar av FA-cupen: 1949 med Wolverhampton Wanderers
  • Engelsk ligameister: 1954, 1958 og 1959 med Wolverhampton Wanderers