VM i fotball 1950

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brasiliansk frimerke frå 1950
Deltakarlanda i Fotball-VM 1950

Verdsmeisterskapen i fotball 1950 vart avvikla i seks byar i Brasil i tida frå 24. juni til 16. juli 1950. Uruguay vart verdsmeister for andre gong etter å ha sanka flest poeng i finalerunda mellom dei fire landa som vann kvar sitt gruppespel. Meisterskapen, den fyrste sidan 1938, er den einaste som ikkje har vorte avvikla med finale.

13 land deltok i meisterskapen, fordelt på fire innleiingsgrupper med høvesvis fire, fire, tre og to lag. Brasil og Spania vann dei to gruppene med fire lag, Sverige den eine med tre lag, medan Uruguay gjekk vidare til finalerunda etter å ha slått Bolivia 8-0. I finalerunda stod Brasil med fire poeng og Uruguay før den avgjerande kampen, deira innbyrdes oppgjer på Maracanã stadion i Rio de Janeiro den 16. juli. Framfor 199 854 tilskodarar, det høgste registrerte tilskodartalet på ein fotballkamp, sende høgrevengen Albino Friaça vertslandet i føringa to minuttar ut i den andre omgangen. Juan Alberto Schiaffino utlikna for Uruguay i det 66. minutt. 13 minuttar seinare syrgde Uruguays Alcides Ghiggia med eit lågt skot i det høgre hjørnet for at det vart stille på tribunane. Då dommaren George Reader frå England bles i fløyta for full tid, forlet nær 200 000 sorgtyngde brasilianarar Maracanã. Samstundes kunne Sveriges lag på Pacaembu stadion i Sao Paulo juble for bronse etter siger 3-1 over Spania.

Verdsmeisterane frå Uruguay, saman med trenarstaben

Medaljevinnarane[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeisterlaget Uruguay bestod av Roque Máspoli, Matías González, Obdulio Varela (kaptein), Eusebio Tejera, Schubert Gambetta, Víctor Rodríguez Andrade, Alcides Ghiggia, Julio Pérez, Omar Óscar Míguez, Juan Alberto Schiaffino og Rubén Morán.

Brasil mønstra Moacir Barbosa, Augusto da Costa (kaptein), Danilo Alvim, Juvenal Amarijo, José Carlos Bauer, Bigode Ferreira, Albino Friaça, Zizinho Soares, Ademir Menezes, Jair Pinto og Chico Aramburu.

Sveriges bronselag: Karl-Oskar Svensson, Lennart Samuelsson, Erik Nilsson (kaptein), Sune Andersson, Gunnar Johansson, Ingvar Gärd, Egon Jönsson, Bror Mellberg, Ingvar Rydell, Carl-Erik Palmér og Stig Sundqvist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]