Binærasteroide
Binærasteroidar er asteroidar i par som går i bane rundt eit felles massesentrum, mykje likt dobbeltstjerner.
Binærasteroidar der begge asteroidane har omtrent same dimensjonar vert også kalla dobbelasteroidar. Eit eksempel 90 Antiope-systemet.
System der den eine lekamen er ein mykje mindre satellitt, har blitt oftare observert i seinare år. Døme på slike system er 22 Kalliope, 45 Eugenia og 107 Camilla. 87 Sylvia har to satellittar.
Nedslagskrater som finst i par, slik som Clearwater Lakes i Kanada, er kanskje resultat av at binærasteroidar har slått ned.