Jupitertrojan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette biletet viser jupitertrojanane (grøne) framfor og bak Jupiter i krinslaupet til planeten. Hovudbelteasteroidane er merkte som kvite og Hilda-familien som brune

Jupitertrojanane eller berre trojanane er ei stor gruppe av asteroidar som deler banen til Jupiter. Sedd i eit koordinatsystem som er sentrert på Jupiter vil dei gå i bane ei eit av dei to Lagrangepunkta, L4 og L5, som ligg 60° føre og bak Jupiter. Dei har store halvakse rundt 5,05 og 5,40 AE. Dei vert kalla trojanar av di dei er namngjevne etter figurar frå Trojanarkrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

E.E. Barnard gjorde den første observasjonen av ein trojan i 1904, men betydinga av oppdaginga vart ikkje lagt merke til på den tida. Barnard trudde nemleg at han hadde fått auga på den nyleg oppdaga saturnmånen Phoebe, som var berre to bogeminutt unna. Først i 1999 då lyspunktet som Barnard hadde observert vart oppdaga på nytt, kunne ein slå fast at objektet var trojanen (12126) 1999 RM11.

Den første sanne oppdaginga av ein trojan var i februar 1906 då den tyske astronomen Max Wolf oppdaga ein asteroide ved L4 lagrangepunktet til Sola-Jupiter systemet. Asteroiden vart namngjeven 588 Achilles. At asteroidens bane var spesiell vart funne ut etter nokre få månader, og ikkje lenge etter på vart mange fleire asteroidar oppdaga i dette og dei andre lagrangepunkta til systemet.

Så langt (august 2007) veit ein om 640 jupitertrojanar ved L4 og 536 ved L5; samt respektivt 539 og 509 asteroidar utan nummer. Sannsynlegvis eksisterer det mange fleire jupitertrojanar, men dei er for små til at teleskopa kan få auge på dei.

Den største kjende jupitertrojanen er 624 Hektor med ein storleik på 370x195 km.

Samansetnad[endre | endre wikiteksten]

Eit lag frå Keck-observatoriet på Hawaii annonserte i 2006 at dei hadde målt tettleiken til den binære trojanen 617 Patroclus, og at den var lågare enn vatn. Dette tydar på at paret og kanskje alle jupitertrojanane liknar meir på kometar eller kuiperbelte-objekt i storleik og samansetning enn hovudbelteasteroidane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]