Smålekam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fordeling av kentaurar og transneptunske-objekt.

Smålekam er ei fellesnemning for småobjekt i solsystemet som verken er planetar eller dvergplanetar. Definisjonen vart vedtatt i 2006 av Den Internasjonale Astronomiske Unionen. Dei følgjande objekta fell no under den nye definisjonen:

alle dei klassiske asteroidane; bortsett i frå den største, 1 Ceres, som er ein dvergplanet
alle kentaurane og neptuntrojanane
alle dei transneptunske-objekta, bortsett i frå dei største som klassifiserast som dvergplanetar, som t.d. Pluto og Eris

Det er ikkje klargjort om ei nedre grense for størrelsen til smålekamar vil bli oppretta eller om definisjonen vil inkludera all materie ned til størrelsen til meteoroidar.

Bortsett i frå dei største som er i hydrostatisk likevekt, skil månar seg frå smålekamane ikkje i størrelse men i krinslaup. Månanes banar er ikkje sentrerte rundt sola men rundt andre objekt, slik som planetar, dvergplanetar og og andre smålekamar.

Nokon av dei større smålekamane kan bli reklassifiserte dersom vidare undersøkingar kan bestemma om dei har hydrostatisk likevekt eller ikkje.

Banane til størstedelen av smålekamane er å finna i to område; asteroidebeltet og Kuiperbeltet. Desse belta har indre strukturar forårsaka av påverknadar frå dei større planetane, særleg Jupiter og Neptun, og har heller svakt definerte grenser. Andre område inneheld mindre objekt i mindre konsentrasjonar. Desse inkluderer nærjordsasteroidane, kentaurane, kometane og spreidde-skiva-objekta.

Dei minste makroskopiske objekta i bane rundt sola vert kalla meteoroidar. IAU har enno ikkje vedtatt nokon definisjon på kva ein meteoroide er, men ulike definisjonar definerer objekts så store som 50 m i diameter og så små som 100 µm som meteoroidar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]