Birkeland gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°18′4″N 5°22′40″E

Staden der Birkeland gamle kyrkje låg på Kirkebirkeland. Steinmuren markerer tuftene etter den gamle kyrkja

Birkeland gamle kyrkje var ei kyrkje som stod på Kirkebirkeland i Fana bydel i Bergen. Tuftene etter kyrkja og kyrkjegarden er i dag markert med ein steingard.

Kyrkja vart nemnd første gongen i 1329, men var truleg eldre enn det. I mellomalderen var kyrkja ei stavkyrkje. Frå denne kyrkja er det bevart eit altarskap som i dag finst på Historisk Museum i Bergen. Stavkyrkja vart riven på første halvdel av 1600-talet og bygd opp at som ei tømra langkyrkje. Kyrkja hadde våpenhus i vest, tårn på vestsida av skipet og eit smalare kor i aust.

Då dei norske kyrkjene vart selde i 1720-åra, vart Birkeland kyrkje seld til kyrkjeverjene, og høyrte til seinare mellom andre Werner Christie, Wollert Krohn og Michael Krohn til ho i 1839 vart overteken av «sognets almue»

På grunn av problem med å halde kyrkja ved like og sidan kyrkja etter kvart vart for lita, vart det avgjort å byggje ei ny kyrkje ved Nesttun i 1879, dagens Birkeland kyrkje. Den gamle kyrkja vart då riven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]