Hopp til innhald

Bitlis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bitlis
by
Bitlis
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Bitlis
Høgd 1 500 moh.
Koordinatar 38°24′N 42°06′E / 38.400°N 42.100°E / 38.400; 42.100
Areal 1 128 km²
Folketal 43 109  (2010)[1]
Folketettleik 38 / km²
Borgarmeister Fehmi Alaydın
Kart
Bitlis
38°24′00″N 42°07′00″E / 38.4°N 42.116666666667°E / 38.4; 42.116666666667
Wikimedia Commons: Bitlis
Nettstad: www.bitlis.bel.tr

Bitlis (armensk Բաղեշ Baghesh eller Բիթլիս Bitlis; gammalsyrisk ܒܝܬ ܕܠܝܣ Beṯ Dlis; kurdisk Bidlîs; osmansk-tyrkisk بتليس) er ein by aust i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Bitlis. Byen har kring 45 000 innbyggjarar (2010) og ligg 1400 meter over havet, 15 km frå Vansjøen, i ein trong dal ved elva Bitlis, ei sideelv til Tigris. Hovudnæringa er hovudsakleg basert på jordbruksprodukt, som frukt, korn og tobakk. Bitlis har vegsamband til andre byar som Tatvan ved Vansjøen, 25 km mot nordaust, og Muş (Mush), 100 km nordvest, og Diyarbakır, 200 km mot vest.

Bitlis skal i følgje segnet vere grunnlagd av Aleksander den store. Han vart i 648 erobra av kalifen Umar ibn al-Khattab, og fekk så sin eigen khan. Etter at Murad IV av Det osmanske riket erobra Jerevan, vart khanen av Bitlis underkasta han.[2]

Bitlis har alltid vore ein uroleg stad, busett av kurdarar og armenarar, og den 25. oktober 1896 vart armenarane i byen massakrerte.[2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Bitlis er hardt med lange vintrar og mykje snø. Somrane er varme og med høg fukt. Bitlis har eit tørt kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsb).

Vêrdata for Bitlis
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 1,2 2,5 6,5 13,2 19,3 25,7 30,7 31,1 26,5 18,6 10,1 3,5 15,7
Gjennomsnittleg min °C −6,4 −5,6 −1,8 3,2 7,3 11,5 15,5 14,9 10,6 6,2 0,7 −3,8 4,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 137,8 181,6 169,9 165,2 100,2 26,2 7,6 7 18,5 91,4 161,2 155,5 1 222,1
Gns. solskinstimar i månaden 74,4 92,4 155 177 229,4 279 303,8 300,7 276 167,4 87 62 2 204,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]