Björn Otto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Björn Otto

Björn Otto (fødd 16. oktober 1977) er ein tysk tidlegare stavhoppar som i 2012 vann OL-sølv og EM-sølv og i 2013 VM-bronse i øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Otto sigra i stavtevlinga under Universiaden 2005 i Izmir då han smaug seg over 5,80 m. To år seinare vart han femtemann ved Osaka-VM med eit hopp på 5,81. Etter nokre år med svakare prestasjonar kom Otto tilbake i verdstoppen i 2012-sesongen. Han vart såleis nummer to i innandørs-VM i Istanbul, men imponerte meir då han ved EM i Helsinki tok sølv med 5,92 meter og personbeste. I begge desse tevlingane møtte han sin overmann i franske Renaud Lavillenie, som seinare i sesongen også vart olympisk meister i London. I dei olympiske leikane vann Otto sølvmedalje nummer tre for året, gjennom færre riv på 5,91 enn landsmannen Raphael Holzdeppe. Fire veker etter sette Otto tysk rekord i Aachen med 6,01 meter, hans livs høgste stavhopp. Under verdsmeisterskapen i Moskva i 2013 kneip Otto bronsemedaljen, takk vere færre riv enn to av dei sterkaste konkurrentane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]