Bjørkebukk
Utsjånad
| Bjørkebukk | |
Bjørkebukk | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
| Klasse: | Insekt Insecta |
| Orden: | Biller Coleoptera |
| Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
| Slekt: | Saperda |
| Art: | Bjørkebukk S. scalaris |
| Vitskapleg namn | |
| Saperda scalaris | |
Bjørkebukk er ein billeart i trebukkfamilien. Han finst vanleg nord i Eurasia frå Nordaust-Kina til Storbritannia. I Noreg finn ein arten overalt der det er skog.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Bjørkebukken lever i tilknyting til mange forskjellige slags lauvtre, i Noreg særleg bjørk og osp. Larvane lever under barken, helst på fuktig og svakt rotnande trevirke. Ein finn dei både i ståande og liggande stammer. Det tek mellom 1 og 3 år før dei forpuppar seg om våren. Tidleg på sommaren kjem dei vaksne billene fram. Desse er mest aktive om kvelden, og flyg stundom mot kunstig lys.