Bjørn Thorkildsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Thorkildsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1926
Død

25. juli 2016 (90 år)

Utmerkingar

Kongepokal

Bjørn Thorkildsen (9. januar 192625. juli 2016) var ein norsk friidrettsutøvar frå Drammen som vart norsk meister i høgdehopp i 1955, 1956, 1957 og 1960. I 1955 vart han også tildelt kongepokalen. Thorkildsen var norsk rekordhaldar i høgdehopp frå 1955 til 1963. Han var medlem i IF Hellas.

Thorkildsen var i 1955 den suverent beste høgdehopparen i landet. Den 24. september fekk han fullklaff i landskampen Polen–Noreg i Poznan, der han vann høgde-tevlinga ved å forbetre den norske rekorden med 3 cm til 2,03 meter. Nær eitt år etterpå flytta han i Bergen rekorden til 2,04 m, før han den 8. juli 1957 la på til 2,05 meter i Trondheim. Den siste landsrekorden vart sletta av Stein Sletten i 1963.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1951 i Oslo: Bronsemedalje i høgdehopp
  • 1953 i Trondheim: Sølvmedalje i tresteghopp, bronse i høgdehopp
  • 1954 i Sarpsborg: Sølvmedalje i høgdehopp
  • 1955 i Oslo: Gullmedalje i høgdehopp
  • 1956 i Stavanger: Gullmedalje i høgdehopp
  • 1957 i Bergen: Gullmedalje i høgdehopp
  • 1959Hamar: Sølvmedalje i høgdehopp
  • 1960 i Sarpsborg: Gullmedalje i høgdehopp

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Høgdehopp: 2,05 m (1957)
  • Tresteghopp: 14,12 m (1953)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]