Hopp til innhald

Bjørn Tore Kvarme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Tore Kvarme


Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1972 (52 år)
Trondheim
Idrett fotball

Bjørn Tore Kvarme (fødd 17. juni 1972) er ein tidlegare fotballspelar frå Trondheim som vert hugsa for sine år med suksessrike Rosenborg Ballklub. Han var i mange år høgreback, i dei seinare år midtstoppar.

Kvarme melde overgang frå 5. divisjonslaget Utleira i Trondheim til Rosenborg våren 1991. Han spelte seg til fast plass på sideback og skulle dei neste seks sesongane verte seriemeister fem gongar i rad. Etter sesongslutt i 1996 skreiv Kvarme kontrakt med den engelske storklubben Liverpool FC. Her var han i tre sesongar, utan å erobre fast plass i fyrsteellevaren. Hausten 1999 vart han overført til franske AS Saint-Étienne, der han spelte i to sesongar. I juni 2001 gjekk turen til spanske Real Sociedad. Kvarme spelte tre sesongar i Spania, før han flytta til franske SC Bastia. Etter ein knapp sesong på Korsika vende han vinteren 2005 tilbake til Rosenborg. Han fekk ein del speletid på laget, før han la skorne på hylla i juli 2008.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Kvarme aksla landslagstrøya ein einaste gong. 3. oktober 1997 var han med i den mållause kampen mot ColombiaUllevål stadion i Oslo.

  • Norsk seriemeister: 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 2006 med Rosenborg BK
  • Noregsmeister: 1992, 1995 med Rosenborg BK (spelte ingen av finalane)
  • Tredjeplass i den engelske ligaen: 1998 med Liverpool FC