Bjarkøyætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjarkøyætta er ei norsk lendemannsslekt frå mellomalderen og har namnet etter Bjarkøy i Troms. Ætta blir ofte delt i ein yngre og ein eldre del. Den eldre delen stammar frå Jon Arnesson og sonedotter til Tore Hund. Mannslinja døydde ut i 1183 med Vidkun Erlingsson. Den yngre delen stammar frå Ragna, søster til Vidkun Erlingsson. Ragna var gift med Bjarne Mardsson lagmann i Hålogaland. Til denne greina høyrer lendmann Erling Ivarsson som deltok i toget mot Skottland 1263-1264. Han hadde to søner, Baron Bjarne Erlingsson og Riddar Vidkun Erlingsson. Ætta døyr ut på mannssida med son til Vidkun Erlingsson, Erling Vidkunsson også han riddar. Dotter hans, Ingebjørg var gift med Sigurd Havthorsson og med det gjekk Bjarkøyætta sitt store gods over til Sudrheimsætta.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]