Bjerregaards gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′28.610″N 10°44′39.970″E / 59.92461389°N 10.74443611°E / 59.92461389; 10.74443611

Bjerregaards gate sett frå Uelands gate

Bjerregaards gate er ei gate i bydel St. Hanshaugen i Oslo som går frå Ullevålsveien og nordaustover til Uelands gate, der gata er avsperra for biltrafikk både ut frå og inn i Uelands gate. Gata går parallelt med Waldemar Thranes gate, og er tradisjonelt sett på som ei grense mellom stroka Ila og Gamle Aker.

Gata vart namngjeve i 1871 etter diktaren Henrik Anker Bjerregaard (1792 -1842).

St. Hanshaugen studentby med Bjerregaards gate i framgrunnen
Parti av Bjerregaards gate sett mot Uelands gate

I Bjerregaards gate ligg mellom anna St. Hanshaugen studentby, eit av dei kompleksa av studentbustader som Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus driv. Elles er gata i hovudsak kransa av bustadblokker.

Forfattaren Johan Falkberget budde i ein periode i Bjerregaards gate 17, der han skreiv fleire av historiene sine. I førerordet til Runer på Fjellveggen fortel han at «Runer på Fjellveggen er et nek sagn og fortellinger som ble til ved Ruglsjøen, gruvene og oppe på en kvist i Bjerregaards gate 17 i Oslo.»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]