Blindeffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Blindeffekt eller reaktiv effekt er i vekselstraumsteori produktet av spenninga og den delen av straumen som er faseforskyvd 90° i forhold til spenninga. På tilsvarande måte vert omgrepet blindstraum (reaktiv eller wattlaus straum) nytta.

Reaktiv effekt utgjer ingen belastning og kan ikkje omsetjast til arbeid. Han har same dimensjon som effekt og vert måla i eininga VAr (eller var), som er forkorting for volt-ampere-reaktiv, med same dimensjon som watt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]