Blindlast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Blindlast eller reaktiv last er den delen av den elektrisk ytinga i eit vekselstraumsystem som tener til å oppretthalde elektriske, høvesvis magnetiske felt i dei respektive anleggsdelane (linjer, kablar, transformatorar, motorar), men som ikkje medverkar til den verkelege nyttelasta. Denne kjem til uttrykk ved faseforskyving mellom straum og spenning. Blindlasta svekkar den mogelege utnyttinga av overføringsanlegga og skapar tilleggstap som ein prøver å redusere eller oppheve ved fasekompensering. Dette vert òg kalla blindlastkompensering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]