Blomsterpotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klassisk leirepotte.

Blomsterpotte eller plantepotte er ei potte som kan brukast til å dyrka plantar i. Dei blir brukt i gartneri, heimar og hagar til å dyrka fram småplantar til vidare bruk eller til å husa potteplantar permanent. Potter finst i ulike storleikar, og kan ha enkel utforming eller vera meir dekorative.

Tradisjonelt blei blomsterpotter gjerne laga av brent leire (terrakotta). I dag er det blitt vanlegare med blomsterpotter av plastmateriale. Ein har også gått meir over til å bruka pluggbrett i staden for potter ved oppal av småplantar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har brukt potter til formeiring og transport i lang tid. Allereie frå Det gamle Egypt er det kjend at potter blei brukte til plantetransport.[2] Også dei gamle grekarane og romarane brukte blomsterpotter. Den greske filsofen Theofrastos skildra i si 'Plantehistorie' frå 300-talet f.Kr. korleis ein sådde trefrø i potter. I si bok om jordbruk frå 100-talet f.Kr. skildrar Cato den eldre korleis potter ein hadde sådd frø eller planta stiklingar i kunne knusast og planten plantast i jorda. Arkeologiske pottefunn støtter denne skildringa. Pottene ein har funne har hol i botnen, kanskje både for å gje drenering og for å la røtene veksa ut frå potta.[3]

Potter har også vore brukt til dekorasjon. Funn frå Pompeii og Herculaneum tyder på at ein kunne setja dei opp rundt eit basseng i midten av eit atrium.[2] Under renessansen kunne ein bruka fint utforma potter til dømes i hjørnene av parterre-design, langs terrassekantar eller på toppen av murar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blomsterpotter», Store norske leksikon, 1. juni 2015 
  2. 2,0 2,1 Curl, James Stevens og Susan Wilson (2015), «container», The Oxford Dictionary of Architecture, Oxford University Press 
  3. 3,0 3,1 Patrick Taylor, red. (2006), «container», The Oxford Companion to the Garden, Oxford University Press