Potte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lita potte på pottemakarhjul.
Potter i eit hagesenter.
Kombinert barnestol og potte frå det gamle Hellas.

Potte (norrønt pottr) er eit runda kar som både er vidt og djupt. Potter er typisk laga av brent leire, men kan også vera av metall, plast og liknande. Ilåta kan brukast til å halda på væsker, mat, plantar eller som pynt utan noko oppi.

Ordet «potte» stammar kanskje opphavleg frå latin pottus, 'drikkebeger'. Ordet går igjen i nemninga «pottemakar», ein handverkar som lager potter og andre leireprodukt.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein kan bruka potter til ei rekkje føremål, som å laga, lagra og servera mat og drikke. I eldre tid var til dømes «pottøl» nemninga på ein type billig og svakt øl som blei seld i potter.

Spesialiserte potter har fått eiga utforming og føremål, som blomsterpotte og nattpotte. I nyare tid er «lydpotte» eller «eksospotte» blitt nemningar om potteaktige kammer som dempar lyden laga av motorkjøretøy.

Potter og potteskår frå tidlegare tider er viktige leivningar i arkeologi som kan gje informasjon om levesett og tidsperiode.

Potte som mål[endre | endre wikiteksten]

Pott har same opphav som potte, og er eit eldre holmål. Ein dansk-norsk pott var fastsett til 9,65 dl på 1800-talet, og blei sett til å tilsvara ein liter ved innføringa av metersystemet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]