Blood & Glitter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Blood and Glitter)
«Blood & Glitter»
Song av Lord of the Lost

Foto: © Raimond Spekking

Land Tyskland
Språk Engelsk
Utgjeve 24. desember 2023
Sjanger Rock
Lengd 03:00
Selskap Napalm Records
Komponist Lord of the Lost, Chris Harms, Rupert Keplinger
Tekstforfattar Chris Harms, Rupert Keplinger
Låtskrivar(ar) Anthony J. Brown, Chris Harms, Pi Stoffers, Rupert Keplinger

«Blood & Glitter» (norsk omsetjing: ‘blod og glitter’) er ein song frå 2022 med det tyske gothmetalbandet Lord of the Lost. Songen vann den tyske songtevlinga Unser Lied für Liverpool i mars 2023 og var det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Blood & Glitter» er skriven av bandmedlemmane Chris Harms og Pi Stoffers, saman med dei eksterne låtskrivarane Rupert Keplinger og Anthony J. Brown. Låten er i sjangaren mørk rock[1] og blei sloppen 24. desember 2022, som hovudsingel på det ellevte studioalbumet til bandet Blood & Glitter (2022).

Bandet hadde lenge ønsket å representere Tyskland i Eurovision Song Contest, og sende inn låten til den tyske uttakinga Unser Lied für Liverpool.[2] Den tyske kringkastaren NDR valde ut låten som ein av ni finalistar, og songen vann finalen 3. mars 2023 med 43 poeng frå de internasjonale jurygruppene og 146 poeng frå sjåarane.[3][4] Framføringa blei skildra som eit «forrykande glamrock-show», ein stad mellom «mørk metal» og «gothmetal».[5][6]

Som vinnar av Unser Lied für Liverpool blei «Blood & Glitter» det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Tyskland er eit av dei fem store landa og var direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai.[7] I finalen fekk «Blood & Glitter» 18 poeng og enda sist av 26 finalistar.[8][9] Dette var den niande sisteplassen til Tyskland i Eurovision Song Contest, og den andre sisteplassen på rad for landet.[10]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Litauen (AGATA)[11] 69
UK Download (Official Charts Company)[12] 54
UK Rock & Metal (OCC)[13] 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ESC-Vorentscheid: Lord Of The Lost tritt für Deutschland an». www.zdf.de (på tysk). Henta 25. mars 2023. 
  2. NACHRICHTEN, n-tv. «LordOf The Lost rocken den Vorentscheid». n-tv.de (på tysk). Henta 25. mars 2023. 
  3. «Lordof the Lost is Germany's pick for Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 4. mars 2023. Henta 25. mars 2023. 
  4. Zeitung, Süddeutsche. «RockbandLord Of The Lost gewinnt ESC-Vorentscheid». Süddeutsche.de (på tysk). Henta 25. mars 2023. 
  5. Grimm, Imre. «ESC2023: Lord of the Lost gewinnen deutschen Vorentscheid – Ikke Hüftgold auf Platz zwei». www.rnd.de (på tysk). Henta 25. mars 2023. 
  6. «HamburgerRockband Lord Of The Lost gewinnt den Vorentscheid zum ESC». Berliner Zeitung (på tysk). 4. mars 2023. Henta 25. mars 2023. 
  7. «"Blood & Glitter" ist "Unser Lied für Liverpool": Lord Of The Lost fahren für Deutschland zum ESC 2023». stern.de (på tysk). Henta 25. mars 2023. 
  8. «Lordof the Lost». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  9. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  10. Jewers, Chris (16. mai 2023). «Eurovision'slast-place Germany contemplate QUITTING the song contest». Mail Online. Henta 18. mai 2023. 
  11. «2023 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  12. "Archive Chart" UK Download Chart. Official Charts Company.
  13. "Official Rock & Metal Singles Chart Top 40". Official Charts Company. Retrieved 19. mai 2023.