Bloody Mary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bloodymarry edited.jpg

Bloody Mary er ein cocktail laga med vodka, tomatjus og krydder, vanlegvis salt, pepar, tabasco- og worcestershiresaus, pressa sitron), og ofte dekorert med ein stilk selleri. Han er ein av få cocktailar som blir serverte om morgonen, saman med screwdriver og mimosa.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Drikken blir ofte assosiert med den katolske dronninga Maria I av England, som fekk tilnamnet Bloody Mary fordi ho avretta så mange protestantar. Men drikken blei først kjend på 1900-talet. Den første gongen han blei omtala skriftleg var i følgje Oxford English Dictionary i Punch i 1956: «Those two … are eating raw steaks and drinking Bloody Marys.»

Bartendaren Fernand Petiot som var tilsett ved Harry's New York Bar i Paris hevda at han fann opp drikken på 1920-talet, og at ein kollega føreslo namnet fordi han minte han om Chicago-klubben Bucket of Blood og ei jente der som heiter Mary.

Oppskrift[endre | endre wikiteksten]

Typisk oppskrift
Rist saman:
  • 1 del vodka
  • 4 delar tomatjuis
  • nokre dropar pressa sitron
  • ei klype sellerisalt
  • tabasco og pepar etter smak

Rekkefølga på ingrediensane er viktig for produktet, og mange bartendarar vaktar oppskrifta si nøye.

Drikken finst òg i alkoholfri variant, og blir då kalla Virgin Maryjomfru Maria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]