Bloudan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°44′N 36°08′E
Bloudan
بلودان
landsby
none  Bloudan ligg 51 km nordvest for Damaskus
Bloudan ligg 51 km nordvest for Damaskus
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Zabadani-distriktet
Nahiyah Al-Zabadani
høgd 1 500 moh
koordinatar 33°44′N 36°08′E
Folketal 3 101 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+3)
Retningsnummer 13
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Bloudan (arabisk بلودان) er ein landsby i Syria som ligg 51 kilometer nordvest for Damaskus guvernement i Rif Dimashq guvernement, kring 1500 meter over havet. I 2004 hadde han eit folketal på 3 101.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2]

Bloudan ligg på toppen av ein ås ovanom Zabadanisletta og er omgjeve av fjellskog. Dei moderate temperaturane og den låge fukta gjer at mange folk frå Damaskus og resten av Syria kjem her om sommaren. Han vert vitja av fleire tusen turistar kvart år, hovudsakleg arabarar frå Libanon og statane kring Persiabukta. Om vinteren er det vanlegvis snø i Bloudan og trekkjer til seg skikøyrarar. Bloudan har mange restaurantar og hotell, og det mest kjende er det store Bloudan Hotel som var vertskap for den første panarabiske Bloudan-konferansen for å diskutere palestinske saker i 1937. Bloudan er òg kjend for dei mange parkane og kjeldene, som Abuzad, Qas'a og Hazir.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bloudan har eit relativt kjølig middelhavsklima med ein årsmiddeltemperatur på under 11 grader celsius og kring 690 mm nedbør i året. Han ligg kring 1000 meter høgare enn Damaskus. Somrane er lange, tørre og kjølige, medan vinteren er tre månader lang med mykje regn og snø.

Klimadata for Buqayn
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 5.7 6.2 9.6 13.5 18.2 22.3 24.3 25.0 23.6 19.0 13.1 6.8 15,6
Døgnmiddeltemp. °C 1.9 2.3 5.1 8.8 12.8 16.9 18.7 19.4 17.6 13.5 8.8 3.4 10,8
Normal min. temp. °C -1.9 -1.5 0.7 4.2 7.4 11.5 13.2 13.9 11.6 8.1 4.6 0.0 6,0
Nedbør (mm) 153 127 105 46 23 1 0 0 2 27 71 135 690
Kjelde: Climate-Data.ORG

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det noverande namnet, Bloudan, kjem frå det arameiske namnet Bil-dan, som tyder staden til guden Bil eller Ba'al. Bloudan vert òg kalla mandellandet, fordi skogane er dominerte av mandeltre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bloudan er ein særs gammal by med ei historie som går attende til romersk tid, noko som ein kan sjå frå måleria og utskjeringane sør i Bloudan. Restar av eit gammalt gresk-ortodoks kloster og St. Georgkyrkja, ligg i fjellet aust for Bloudan. Den historiske St. Eliasdalen er ein gammal del av b yen, med bygningar som er hundrevis av år gamle.

Det moderne Bloudan, laga av pussa betong, har stort sett erstatta den gresk-ortodokse og katolske landsbyen bygd på 1700- og 1800-talet og held fram å vekse i dag.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  2. Aoun: Christian town calls for help against rebel attacks. The Daily Star. 2013-09-10.
  3. Syria & Lebanon (Footprint Travel Guide) 2001:135.