Boliyan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boka Boliyan Da Paavan Bangla av Sukhdev Madpuri

Boliyan (eintal boli) er vers av rimande kuplettar som tradisjonelt er blitt sungne i Panjab.[1] Dei har mellom anna vore brukt som akkompagnement til dansar som bhangra[2] og giddha.[3]

Boliyan kan førast tilbake til skikkar frå Rajasthan der ein førte konflikt ved å ropa eidar mot kvarandre ved landsbyportalar. Ved større konfliktar kunne musikarar synga krigssongar. Etter sigrar kunne ein synga høvessongar for å feira sigeren.[4] Boliyan har vore brukt som akkompagnement til dansar, som bhangra eller giddha, ved feiringar eller medan ein gjer arbeid.[5] Dei er særleg utbreidde ved bryllaup.[6]

Former[endre | endre wikiteksten]

Ei tradisjonell form dei kan ha er som rop og svar, der ein songar byrjar og ein eller fleire andre syng eit svar. Ved dans kan førstesongaren mima til teksten med gester og dei andre dansarane kan dansa og synga ei refreng til svar.[3]

Boliyan kan vera improviserte eller faste tekstar. Teksten i boliyan kan ta for seg nyheiter, arbeidsoppgåver, avlingar og uår, bryllaup og fødslar, livshendingar eller krig. Dei kan spenna frå andelege til grove, uærbødige tekstar.[7]

Ein kan skilja mellomnikian boliyan ('kort, liten') og lambian boliyan ('lang'). Nikian boliyan er danna av to setningar knytte til giddha; den første setningen byrjar og den andre endar songen. Lambian boliyan uttrykkjer ei kjede eller flaum av kjensler, ofte overdrivne.[8]

Boliyan har også fått ei rolle i filmar, ofte som duettar sungne av ein mann og ei kvinne. Panjabifilmen Yaari Jaat Da frå 1984 inneheld til dømes songen «Gur Naal Ishq mitha» framført av Vinod Sehgal og Savita Sathi.[9]

I utvandrarmiljø er stilen og strukturen til teksten og musikken ofte endra og omforma.[10] «Gur Naal Ishq mitha» finst til dømes i remiksa versjonar.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Walia, Aarohi (2008). Folk Dances of Punjab. Sahibzada Ajit Singh Nagar, Punjab, India: Unistar Books. s. 86. ISBN 9788171426027. 
  2. Gorlinski, Virginia (3. mars 2010). «Bhangra». Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica, inc. Henta 18. april 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Pakistan, Islamic Republic of», Grove Music Online (på engelsk), doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.20726, henta 5. juli 2020 
  4. Sahota 2011, s. 39.
  5. Sahota 2011, s. 42.
  6. Lyall, Kiran (23. juni 2017), «IT'S BOLIYAN WEEKEND», kiranlyall (på engelsk), henta 5. juli 2020 
  7. Sahota 2011, s. 41-43.
  8. Kaur, Sukhpreet (2017). «Heritage of Punjab: the case study of gidha» (PDF). South-Asian Journal of Multidisciplinary Studies 4 (4): 152–159. ISSN 2349-7858. 
  9. 9,0 9,1 Sahota 2011, s. 68.
  10. Sahota 2011, s. 43.
Bibliografi