Giddha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkedansarar frå Panjab opptrer ved folkedansfestivalen ‘Lok Tarang i New Delhi i 2007.

Giddha eller gidda (panjabi گدها, ਗਿੱਧਾ, giddhā) er ein panjabisk folkedans for kvinner som er utbreidd blant panjabiarar i India og Pakistan.

Giddha blir tradisjonelt dansa i ein ring av kvinner som syng og klappar. To kvinner går inn i miten av ringen og bruker mimande arm- og handrørsler til å uttrykka det songen handlar om. Dei dansar vanlegvis til eit vers før dei går ut i ringen igjen og eit anna par tek over.[1]

Dansen blir hovudsakleg framført ved festlege eller sosiale høve,[2] særleg i samband med såtid og innhausting.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «South Asian arts - Pakistan», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 1. desember 2019 
  2. Bhargava, Gopal. Land and people of Indian states and union territories. s. 215. 
  3. «Giddha | dance», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 1. desember 2019