Bolsjezemelskaja Tundra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bolsjezemelskaja Tundra i Vorkuta om hausten.

Bolsjezemelskaja Tundra er ei åslendt slette med mange morener mellom elvane Petsjora og Usa, Uralfjella og Paj-Khoj i Arkhangelsk oblast og Republikken Komi i Russland. Høgda på sletta ligg om lag 100-150 meter over havet, men enkelte område ligg rundt 200-250 meter over havet. Frå Khajpudyrbukta til munningen av elva Tsilma ligg ein rygg kalla Zemljanojryggen.

Klimaet er subarktisk med lange kalde vintrar (middeltemperaturen i januar er 16 ºC i nordvest og ned til -20 ºC i søraust) og ein kort, kjølig sommar (middeltemperaturen i juli varierer frå 8 til 12 ºC), og kvar månad av året kan få frost. Den årlege nedbøren varierer frå 450 mm i sør til 250 mm i nord.

Elvane, hovudsakleg sideelvar av Petsjora og Usa, renn i stryk i smale dalar og vert etter kvart rolegare når dalane vert breiare. Dei største elvane er Sjapkina, Kolva og Adzva. Sletta inneheld òg mange innsjøar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]