Sjapkina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjapkina
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 6 570 km²
Lengd 499 km
Middelvassføring 582 /s
Munning Petsjora

Sjapkina
66°43′57″ N 52°24′27″ E

Sjapkina (russisk Шапкина) er ei elv i Nenetsia og Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå høgre.

Ho er 499 km lang og har eit nedslagsfelt på 6570 km². Middelvassføringa 82 km frå munningen er 582 m³/s.

Dei viktigaste sideelvane er Vonda, Jangyta og Matej frå venstre og Vesnjo frå høgre.

Sjapkina har utspring i myrområda på Bolsjezemelskaja Tundra i nærleiken av innsjøen Lajato, der elva Laja har kjelda si.

Sjapkina renn austover på Bolsjezemelskaja Tundra og er svingete. Ved landsbyen Novy Bor munnar ho ut i Petsjora.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]