Khajpudyrbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Plasseringa til Khajpudyrbukta i Petsjorahavet.

Khajpudyrbukta eller Khaypudyrskajabukta (russisk Хайпудырская губа) er ei bukt i Russland, som ligg i Petsjorahavet søraust i Barentshavet mellom kysten av Jugorskijhalvøya og låglandet og myrområda sør for øya Dolgij.

Det er fleire mindre bukter igjen i Khajpudyrbukta. Lengda på hovudbukta er om lag 80 km og munningen er om lag 60 km brei. Den mindre, inste bukta vert ofte rekna som ein del av sjølve Khajpudyrbukta. Forma hennar er rundare og ho ligg sørvest for den større bukta. Lengda til denne mindre bukta er 33 km og munningen mot nord er 15 km brei. Farvatnet er særs grunt og middeldjupet er berre 1-2 meter.

Overflatevatnet er om lag 7 °C varmt om sommaren, og bukta frys til tidleg om vinteren. Elvane Nauljakha, Talotajakha, Moreju og Korotaikha munnar ut i Khajpudyrbukta.

Bukta og det omliggande område høyrer til Nenetsia autonome okrug, som er ein del av Arkhangelsk oblast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

==Bakgrunnsstoff

Koordinatar: 68°30′N 59°30′E