Bondeopprøret 1818

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bondeopprøret i 1818)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bondeopprøret i 1818, som og er kalla Halvor Hoel-rørsla, var ein reaksjon på dei vanskelege økonomiske og sosiale tilhøva som den unge staten Noreg sleit med i åra etter 1814. Bondeagitasjonen vart utløyst på Hedmarka gjennom agitasjonen frå bonden Halvor Hoel, som vann åtgaum i store delar av Buskerud og Oppland.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bøndene i Hedmark, Oppland og Buskerud gjekk i utgangspunktet saman om eit brev stila til Stortinget, der dei klaga over tung skattlegging, og mangel på forstand om kåra bøndene sleit med. Den første sendeferda kom i stand i slutten av august 1818, men fogden i nedre Hallingdal råda bøndene strengt til å fara varleg fram. Leiarane frå Hol og Ål hadde vore i kontakt med Halvor Hoel på Hedmarka, og flokkane avtala eit møte i Hedalen, hjå bonden Kristen Stugarden. Her sette dei stemne frå fleire dalar, og reiste sidan saman nedetter Ådalen til Ringerike, og tenkte seg så inn til Oslo over Krokskogen. Her vart flokkane stansa av soldatar, og fleire hundre bønder vart tekne til Akershus festning der forhøra tok til. Konsekvensen av denne ferda var at mange bønder vart ilagt tunge bøter (mellom desse Gjermund Gullstein frå Ustedalen, som laut gå frå garden sin). Kristen Stugarden kom frå det med store økonomiske tap.

Stortinget på denne tida hadde berre innvalte embetsmenn, og bøndene kjende seg naturleg nok utgløymde av det politiske livet. Difor har soga teke inn drag frå tidlegare bondereisingar, og munnleg attgjeving veit å melde at bøndene ønska Christian 7. attende. Det som er sant i dette, er at kong Karl Johan var venta på vitjing til Noreg i desse vekene, og at bøndene nok ønskte å få tala beint ut til han, etter gamal skikk. Karl Johan var i Noreg for å la seg krone (7. oktober 1818).

Sedvanen var å gå over embetsmannen og like til kongen. Brevet bøndene hadde med seg, var i røynda stila til Stortingets leiarskap, men finst ikkje i Stortingets arkiv. Ein får tru dette brevet aldri nådde fram til adressat.

Sendeferda lukkast på den visen at skattlegginga vart mindre tung enn før, men soga syner og at det var stor avstand mellom bonde og embetsmann. Vidare ser ein at embetsmennene greip til dei same åtgjerdene som i dansketida, jamvel om bøndene reiste utan våpen. Ein reknar med at dette skuldast mistanke om rein oppreist, og at bøndene samla væpna makt. Politisk bana Hoel-opprøret vegen for Bondestortinget som vart valt inn i 1836, og større lokalt sjølvstyre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Reinton: Folk og fortid i Hol, band II (1942).