Hopp til innhald

Borovitsji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borovitsji
Боровичи
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Novgorod oblast
Høgd 90 m
Areal 45,41 km²
Folketal 46 325 (1. januar 2025)
Først nemnd i 1495
 •  Bystatus 1770
Postnummer 17440x
Retningsnummer (+7)81664
Kart
Borovitsji
58°24′00″N 33°55′00″E / 58.4°N 33.916666666667°E / 58.4; 33.916666666667
Wikimedia Commons: Borovichi

Borovitsji (russisk Боровичи) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg lengst nord i Valdajhøgdene, 160 km aust-nordaust for Novgorod.

Byen ligg ved elva Msta og like oppfor frå Borovitsji ligg dei kjente Msta-strykA, som er populære hos turistar.

Busetnaden vart først nemnt i 1495. Han fekk status som by i 1770 av Katarina II. Den viktigaste levevegen til byen var å lose skip gjennom stryka på elva Msta, som var ein del av ein viktig vassveg som knytte det sentrale Russland til Austersjøen (derfor finst eit ror på byvåpenet som vart godkjend av Katarina II). Men ved midten av 1800-talet hadde Msta-elva som transportrute vorte mindre viktig, og etter opninga av Volga-Austersjøkanalen og jernbanen MoskvaSankt Petersburg.

På 1800-talet vart det i nærleiken av Borovitsji funne førekomstar av ei spesiell leire som egna seg til eldfast teglstein og den første fabrikken for produksjon av eldfast teglstein i området opna i 1855. I 1878 gjorde eit sidespor til jernbanen MoskvaSankt Petersburg ved Uglovka-stasjonen det mogeleg å opprette fleire store fabrikker for slik produksjon i 1880. Òg i dag er ein stor del innbyggjarane tilsett i teglstein-industrien.

Under den andre verdskrigen var det ein krigsfangeleir i Borovitsji, der det frå 1944 til 1947 var fleire tusen fangar. Leiren vart oppløyst i 1953.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Borovitsji