Hopp til innhald

Bottenhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bottenhavet
hav
Land  Finland,  Sverige
Kart
Bottenhavet
61°30′N 19°30′E / 61.5°N 19.5°E / 61.5; 19.5
Kart som viser Bottenhavet.
Kart som viser Bottenhavet.
Kart som viser Bottenhavet.
Wikimedia Commons: Bothnian Sea

Bottenhavet (finsk Selkämeri) er havområdet mellom Sverige i vest og Finland i aust, Bottenvika i nord og resten av Austersjøen i sør. Norra kvarken dannar grense i nord mot Bottenvika, medan Åland dannar den sørlege grensa.[1]

Bottenhavet har ei utstrekning på 350 km i nord-sør-retninga, er 230 km på det breiaste og har eit areal på 66 000 km². Største djup er 293 m, middeldjupet er 68 m og volumet 4 340 km³.

Dei største kystbyane er Raumo og Björneborg i Finland og Gävle og Sundsvall i Sverige. Umeå i Sverige og Vasa i Finland ligg heilt i nord, nær Bottenvika.

  1. «Bottenhavet», Sveriges vattenmiljö (på svensk), 30. mai 2019, henta 24. desember 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bottenhavet