Breda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Breda
Grote Kerk i Breda
Grote Kerk i Breda
Flagget til Breda Byvåpenet til Breda
Flagget til Breda Byvåpenet til Breda


Plassering
Plassering av  Breda
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Noord-Brabant
Borgarmeister Peter van der Velden
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

129,15 km²
  126,87 km²
  2,28 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

171 004
  1 348/km²
Koordinatar 51°35′″N 4°47′″EKoordinatar: 51°35′″N 4°47′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.breda.nl


Breda er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Brabant sør i landet. Namnet Breda kjem frå «Brede Aa» og refererer til staden der elvane Mark og Aa renn i saman. Breda er den niande største byen i Nederland med om lag 170 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Breda var ein festningsby og strategisk viktig. På 1000-talet var Breda eit len direkte under keisaren i Det tysk-romerske riket og den første kjende lensherren var Henrik av Brunesheim (1080 - 1125).

I 1327 vart Breda seld frå Adelheid av Gaveren til hertug Johan III av Brabant. I 1350 vart lenet seld vidare til Johan II av Wassenaar (d. 1377). I 1403 gifta arvingen hans, Johanna av Polanen (1392 - 1445) seg med Engelbert I av Nassau (1370 - 1442). Frå den tid var byen under huset Nassau og kom til slutt til Vilhelm I av Orange (1533 - 1584), den første stadthaldaren av Nederland. Dermed var baronen av Breda òg greve i Nassau, Tyskland, fyrste av Orange og stadthaldar av Dei sameinte Nederlanda (frå 1572-1650, 1672-1702, 1747-1795). Breda var verande ein del av baroniet Breda fram til det vart avskaffa av franske revolusjonsstyrkar i 1795.

Breda overgjer seg av Diego Velázquez.

Breda fekk byrettar i 1252 og bygde så bymurar og nye gater i romersk stil. På 1400-talet vart byen raskt velståande. Det vart bygd ei stor kyrkja i brabantinsk-gotisk stil med eit 97 meter høgt tårn kalla Grote Kerk. I 1534 vart festningsverka forsterka av Henrik III av Nassau-Breda. I same periode vart Breda ein kongeleg by og trekte til seg mange adelsmenn som bygde store residensar i gamlebyen. Det mest imponerande palasset vart bygd av den italienske arkitekten Thomas Vincidor de Bologna - det første renessansebygget bygd nord for Alpane. Det vart ein stad der dei første nederlandske fyrstane residerte.

I 1534 vart Breda òg råka av ein storbrann som øydela om lag 1 300 hus, kyrkjer, kapell og rådhuset. Berre 150 hus og den nye kyrkja stod att etter brannen.

Under åttiårskrigen vart Breda erobra av spanjolane i 1581, men i 1590 kom han tilbake til Maurice av Nassau då 68 utvalde menn klarte å kome seg inn i byen gøymd under torva på ein torvbåt, ein listig plan planlagt av Adriaen van Bergen.

Breda overgav seg til spanjolane i 1625 etter ei ti månader lang omleiring. I 1637 vart Breda gjenerobra av Fredrik Henrik av Orange etter ei fire månader lang omleiring, og i 1648 vart han til slutt avstått til Dei sameinte Nederlanda med freden i Westfalen.

Karl II av England var stort sett i Breda då han var i eskil under Cromwellperioden i England. Systera hans, Maria av Oranien var enka etter fyrst William II av Oranien. Bredaerklæringa til Karl II gjorde det kjend at han aksepterte krona av England som han fekk tilbake i 1660.

Bredatraktaten vart signert i byen 31. juli 1667 og gjorde slutt på den andre engelsk-nederlandske krigen der nederlendingane møtte Karl II som tidlegare hadde vore gjesten deira.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Breda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]