Pfänder
Utsjånad
| Pfänder | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Vorarlberg | ||
| Fjellkjede | Alpane | ||
| Høgd | 1 064 moh. | ||
| Koordinatar | 47°30′28″N 9°46′48″E / 47.50778°N 9.78000°E | ||
![]() Pfänder 47°30′27″N 9°46′49″E / 47.5073712°N 9.7802047°E | |||
| Wikimedia Commons: Pfänder | |||
Pfänder er eit fjell i Voralberg i Austerrike, like ovanfor Bodensjøen. Frå fjellet har ein eit flott utsyn over heile sjøen og heile 240 andre fjelltoppar i Tyskland, Austerrike og Sveits, og fjellet er det mest vidkjente utsiktspunktet i området.
I god sikt kan ein sjå frå Allgäu- og Lechdalen i Alpane i aust, Bregenzwald, dei bratte Silvrettafjella i Arlberg-regionen og Rätikon til dei sveitsiske fjella og foten av Schwarzwald i vest. Under ligg innsjøen Bodensjøen med Rhindalen rundt.
- Utsyn frå Pfänder mot Bregenzerwald
- Utsyn mot den austlege delen av Bodensjøen
- Panoramabilete mot Bregenz og Lindau


