Brei blålibelle
| Brei blålibelle | |
Brei blålibelle-hann | |
Brei blålibelle-hoe | |
| Status | |
| Status i verda: Status i Noreg: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
| Klasse: | Insekt Insecta |
| Orden: | Augestikkarar Odonata |
| Familie: | Libellulidae |
| Slekt: | Libellula |
| Art: | Brei blålibelle L. depressa |
| Vitskapleg namn | |
| Libellula depressa | |
Brei blålibelle (Libellula depressa) er ein augestikkar i familien libellar.
Brei blålibelle lever i norske vassdrag. Arten var lista på norsk raudliste 2006. Frå 2015 og i 2021 var arten rekna som livskraftig.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Brei blålibelle er utbreidd i Mellom-Europa og austover i Asia til Kaspihavet. Han finst i Danmark, Søraust-Sverige, Finland og Søraust-Noreg rundt Oslofjorden.[2] Arten har eit lite utbreingsområde, og talet på eigna levestader (menneskeskapte dammar i tidlege suksesjonsstadiar) er potensielt svært varierande. Arten er kjens for å føreta vandringar, og vil raskt kunne gjenetablera seg i område der han tidlegare har døydd ut. Trass i dette mangla funn i Noreg frå 1896 til 1977.[3] Målretta undersøkingar har vist at arten var betydeleg meir vanleg enn ein tidlegare hadde gått ut frå,[4] og kvalifiserer ikkje lenger for raudlisting etter IUCN-kriteria.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Holmen, M. & H. Pedersen. 1995. Odonata i Danmark, foreløbig status 1995. Nordisk Odonatologisk forum. Vol 2, side 4
- Olsvik, Hans. & Dolmen, Dag. 1992. Distribution, habitat, and conservation status of threatened Odonata in Norway. Fauna norv. B. 39. Side 1-21.
- Sahlén, Göran. 1996. Sveriges Trollsländor. Feltbiogerna. 165 sider. ISBN 91-85094-43-9
- Referansar
- 1 2 Olsen KM, Andersen T, Bengtson R, Holtung H og Kjærstad G (2021-11-24). «Øyenstikkere: Vurdering av blåbredlibelle Libellula depressa for Norge. Norsk rødliste for arter 2021». Artsdatabanken. Henta 2022-03-14.
{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - ↑ «Blåbredlibelle Libellula depressa Linnaeus, 1758», www.artsdatabanken.no, henta 2022-03-14
- ↑ (Dolmen 1989)
- ↑ (Lønnve 2012)