Norsk Raudliste 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk raudliste 2006)
Gå til: navigering, søk
Raudlisting


Global raudlisteNorsk raudliste


Utrydda art Utrydda art Utrydda i vill tilstand Kritisk truga Sterkt truga Sårbar art Nær truga Truga art Livskraftig LivskraftigStatus iucn3.1.svg

Norsk Raudliste 2006 er eit oversyn over plante- og dyreartar som er vurderte av Artsdatabanken til å stå i fare for å verte utrydda eller utsett for å verte reduserte i stor grad i Noreg over tid, eller er sjeldsynte av naturlege årsaker.

Vurderingane er tufta på Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) sine kriterium, sjå den globale raudlista. Arbeidet med Raudlista er utført av 23 ekspertkomitear som til saman har vurdert tilstanden for rundt 18 500 artar. Dette er nær halvparten av dei om lag 40 000 artane vi veit finst i Noreg.

Totalt for Noreg med havområde og Svalbard er 3886 artar raudlista, og 1988 av desse er vurdert å vere truga artar.

Artsdatabanken har òg sett opp ei svarteliste med framande artar.

Kriteria for Norsk Raudliste 2006[endre | endre wikiteksten]

  • Regionalt utrydda – RE (Regionally extinct)
Artar som tidlegare har reprodusert i Noreg, men som no er utrydda. Gjeld ikkje artar utrydda før år 1800.
  • Kritisk trua – CR (Critically endangered)
Artar som i har ekstremt høg risiko for å døy ut (50 prosent sannsyn for å døy ut innan 3 generasjonar, minimum 10 år).
  • Sterkt trua – EN (Endangered)
Artar som har svært høg risiko for å døy ut (20 prosent sannsyn for å døy ut innan 5 generasjonar, minimum 20 år).
  • Sårbar – VU (Vulnerable)
Artar som har høg risiko for å døy ut (10 prosent sannsyn for å døy ut innan 100 år).
  • Nær trua – NT (Near threatened)
Artar som ligg tett opp til å kvalifisere for dei tre kategoriane VU, EN eller CR, eller som truleg vil vere trua i nær framtid.
  • Datamangel – DD (Data deficient)
Artar vi med stort sannsyn ville plassert på raudlista dersom vi hadde funne tilstrekkeleg informasjon eller fått meir kunnskap om.
  • Livskraftig (LC) i norsk område, men rekna som globalt trua etter IUCN sine retningsliner.

Artar på Norsk Raudliste 2006[endre | endre wikiteksten]

  • Kritisk trua – CR (Critically endangered):
285 artar, mellom dei fjellrev, grønlandskval, ulv, lomvi, ål, pigghå og raud skogfrue.
  • Sterkt trua – EN (Endangered):
764 artar, mellom dei brunbjørn, jerv, hubro, vepsevåk, heilo, gjørs, edelkreps, skjeggklokke, dunmjølke, myrflangre, svartkurle og myrsildre. Bestanden av kysttorsk nord for 62. breiddegrad er også plassert i denne kategorien.
  • Sårbare – VU (Vulnerable):
939 artar, mellom dei gaupe, oter, isbjørn, kvalross, steinkobbe, hønsehauk, snøugle, dvergspett, storlom, lunde, storsalamander, havsil, asp (fisk), uer, håbrann, hornulke, norsk malurt, systermarihand og smalmarihand.
  • Livskraftig (LC) i Noreg, men globalt vurdert som trua:
17 artar, mellom dei ekorn og hyse.

Kritisk trua pattedyr og fuglar i Noreg etter Norsk Raudliste 2006[endre | endre wikiteksten]

Pattedyr
Grønlandskval Balaena mysticetus
Ulv Canis lupus
Fjellrev Alopex lagopus
Fuglar
Dverggås Anser erythropus
Åkerrikse Crex crex
Hauksongar Sylvia nisoria
Lomvi Uria aalge
Hortulan Emberiza hortulana

Bruk av Raudlista[endre | endre wikiteksten]

Nasjonal Raudliste 1998 kan ikkje utan vidare samanliknast med Norsk Raudliste 2006. For det første er kriteria for klassifisering noko endra. For det andre er fleire artar vurdert denne gongen.

Endringar i arealbruken er den viktigaste grunnen til at arter er truga. Komiteen som har vurdert artane peiker på at artar knytt til gammal skog er trua som følgje av hogst. Vidare meiner dei at gjengroing i kulturlandskapet, og at det vert slutt på gamle driftsformer i jordbruket, gjer at mange artar knytte til kulturlandskapet er trua.

Tolking av raudlista kan vere vanskeleg. Noreg er eit langstrekt land, og mange artar vil ha sin naturlege nord- eller sørgrense ein eller annan stad i Noreg. Det vil vere mange artar som lokalt må vurderast som sårbare eller trua, sjølv om det ikkje er i fare for å bli utrydda globalt.

Tidlegare nasjonale raudlister[endre | endre wikiteksten]

  • 1984 Den første offisielle raudlista i Noreg, inneheldt lister over virveldyr og karplantar.
  • 1988 Revidert raudliste over virveldyr.
  • 1992 Den første nasjonale raudlista som tok for seg eit breitt utval av dei artsgruppene som utgjer det biologiske mangfaldet i Noreg. Til saman 12 000 artar innanfor 21 forskjellige artsgrupper vart vurdert.
  • 1998 Nasjonal raudliste for trua artar i Noreg. Lista byggjer på ei vurdering av om lag 15 000 artar, tilhøyrande 27 artsgrupper. Raudlista gjaldt for fastlands-Noreg, og inneheldt 3062 arter. Det innebar at om lag 21 prosent av dei vurderte artane var sett på lista. Den nasjonale raudlista frå 1998 omfatta òg ein eigen raudliste for fuglar og pattedyr på Svalbard.
  • 2006 Norsk Raudliste, omfattar Noreg med Svalbard og havområda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]