Breimyra skole
Breimyra skole | |
Skuletype | Ungdomsskule |
---|---|
Grunnlagd | 1998 |
Fylke | Hordaland |
Kommune | Bergen |
Adresse | Breimyra 68 B 5134 Flaktveit |
Rektor | Charlotte Corneliussen |
Klasser | 10 |
Elevar | 258 |
Tilsette | 32 |
Nettstad | www.bergensskolen.no/breimyra/ |
![]() Breimyra skole |
Breimyra ungdomsskole er ein ungdomsskule på Flaktveit i Åsane i Bergen. Skulen har plass til om lag 300 elevar fordelt på 10 klassar i tre trinn (8.-10. klasse). Skulebygget er i privat eige og vert leigd av Bergen kommune. Elevane kjem frå barneskulane Flaktveit skole og Li skole.
Rektor ved skulen er Charlotte Corneliussen.
Nærmiljø[endre | endre wikiteksten]
Breimyra ungdomsskole ligg i Åsane. Skulen ligg på toppen av Flaktveit nært Flaktveit stadion. Breimyra ligg 110 meter over havet.
Klassar[endre | endre wikiteksten]
Skuleåret 2011-2012 er det ti klassar på Breimyra. Det er tre parallellar på 8. og 9. trinn, og fire klassar på 10. trinn.
Tilsette[endre | endre wikiteksten]
Til saman er det 27 årsverk ved skulen, fordelt på 32 tilsette. I forhold til då skulen starta er dette ei stor auke i tilsette. Då var det berre tolv tilsette, fordelt på ti lærarar, ein rektor og ein inspektør. På den tida var det berre eit sjuande trinn og eit åtande trinn med elevar.
Byggeigar[endre | endre wikiteksten]
Breimyra skole vart bygd av Sognnes Bygg AS, og blir leigd ut frå Sognnes Eiendom til Bergen kommune. Kommunen betalar ein fast pris kvar månad til Sognnes Gruppen.