Bremsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
For den tidlegare kommunen i Møre og Romsdal, sjå Bremsnes kommune.
Bremsnes
tettstad
none Bremsnes kyrkje
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Averøy
Areal 0,46 km²
Folketal 437 (2017)
Folketettleik 950 / km²
Postnummer 6530 AVERØY
Preposisjon Bremsnes

Bremsnes er ein tettstad i Averøy kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på den nordaustlege delen av Averøya, om lag fem kilometer vest for Kristiansund, og har 437 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Rundt tre kilometer nordaust for Bremsnes fører Atlanterhavstunnelen austover, under munningen av Bremsnesfjorden, til Kristiansund sentrum. Denne tunnelen har erstatta den tidlegare ferja frå Bremsnes til Kristiansund.

Bremsnes kyrkje frå 1770 er omgjeven av lauvtre (bøk, lerketre, kastanje, eik) innført frå Skottland og planta omkring 1790 av eigaren av storgarden Bremsnes. Kyrkjegarden på Bremnes var tidlegare også gravstad for innbyggjarane på Grip ettersom det ikkje var tilstrekkjeleg med jord der til ein gravplass. Ved Bremsnes kyrkje og kyrkjegard ligg fjellet Bremsneshatten (130 moh.) med fjellholer, der den mest kjende er Bremsneshola, som er 70 meter lang og 25 meter høg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bremsnes». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 19. april 2018.