Brilleærfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brilleærfugl
Brilleærfuglhann
Brilleærfuglhann
Brilleærfuglhoe
Brilleærfuglhoe
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av brilleærfugl
Utbreiinga av brilleærfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Ærfuglar Somateria
Art: Brilleærfugl S. fischeri
Vitskapleg namn
Somateria fischeri

Brilleærfugl (Somateria fischeri) er ei stor marin dukkand som hekkar på kysten av Alaska og nordaustlege Sibir. Han er ein trekkfugl, alle populasjonar migrerer til Beringhavet nord for Aleutane for overvintring.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brilleærfugl er litt mindre enn vanleg ærfugl med ei kroppslengde på gjennomsnittleg 53 og 50 centimeter for steggar og hoer høvesvis.[1] Hannen har umiskjenneleg praktdrakt med svart underside, kvite rygg og gulgrønt på hovud, med store sirkulære kvite augelappar som gjev arten namnet. Hoa sin drakt er rikbrun, men kan framleis skiljast frå alle ender på storleik og kroppsform. Dei lysare «brillene» er synlege på rimeleg avstand og sikrar identifikasjon. Umodne fuglar og vaksne andrikar i eklipsdrakta liknar hoa.

Lætet til andriken er ein svak hoo-hoo, og hoa har eit hardt kvakk. Brilleærfuglar er ikkje veldig vokale.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det er to hekkepopulasjoner i Alaska og ein i Russland. Hekkeutbreiinga i Russland er langs kysten av republikken Sakha og austover kysten av Tsjukotka til Beringsundet. I Alaska langs nordlege og vestlege kystar.

Brilleærfugl mytar på havet helst frå 2 til 45 kilometer frå kysten og nord for 63 ° N. Sidan dei sjeldan blir sett utanfor hekkeområdet, vart ikkje overvintringsplassen i Beringshavet kjent før i 1995, med hjelp av satellitt-telemetri.[2]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Som ei dukkand beitar brilleærfuglar ved dukking og å symje under vatn. Det blir antatt å vere i stand under vatn lenger enn dei fleste andre dukkender og lever hovudsakleg av blautdyr medan dei er på sjøen og av vassinsekt, krepsdyr og plantemateriale medan dei er i hekkeområdet.

Pardanninga for ein hekkesesong skjer på overvintringsområdet før vårtrekket. Framme på hekkeplassane bygger hoene eit reir nær ein dam på ein oppheva høgd. Reiret er fôra med plantemateriale og dun, det kan skje gjenbruk frå tidlegare. Hoene legg i gjennomsnitt tre til seks egg med ei olivenbrun farge. Egga blir ruga av hoa aleine i 24 dagar, og ungane forlèt reiret kort tid etter klekking for å bli leidd til vatnet av hoa. Hoa vernar ungane, men dei finn sjølv føda. Brilleærfuglar har ei ganske rask utvikling for å vere så store fuglar; det tar berre rundt 60 dagar eller mindre før dei har full storleik og kan flyge.[1]

Vern og status[endre | endre wikiteksten]

Brilleærfugl vart oppført som trua under US Endangered Species Act i 1993, og er nyleg oppført som nær truga (NT) i IUCNs raudliste.[3] US Fish and Wildlife Service oppførte brilleærfugl som trua på grunn av eit meir enn 96 % fall i storleiken på hekkepopulasjonen i Alaska. I seinare tid er den russiske populasjonen derfor langt større enn i USA, ca. 90 % av verdspopulasjonen. Per år 2020 er den globale populasjonen 360 000-400 000. Han er i tilbakegang i moderat fart.[3]

Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire faktorar som truar brilleærfuglpopulasjonar i framtida, inkludert klimaendringar og tap av habitat. Historisk var utbreiinga deira mykje større enn berre kysten av Alaska og Russland. Det pleidde òg å strekke seg frå Nushagak-halvøya til Barrow og nesten heilt til den kanadiske grensa.

Ein mogleg hypotese er at habitattap kjem som eit resultat av klimaendringar. Jakt blei forbode i Alaska frå 1991, men ulovleg jakt førekjem, arten er òg råka av naturleg predasjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Petersen, M. R., J. B. Grand, og C. P. Dau (2020). Spectacled Eider (Somateria fischeri), version 1.0. I Birdsof the World (A. F. Poole og F. B. Gill, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.speeid.01
  2. 2,0 2,1 U.S. Fish & Wildlife Service Threatened and Endangered Species - Spectacled Eider (Somateria fischeri) mai 2012, henta 21. juli 2021
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2021) Species factsheet: Somateria fischeri. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juli 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]