Brimsefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brimsefjorden er ein liten fjordarm av Hidlefjorden vest for Rennesøy langs kommunegrensa mellom Rennesøy og Finnøy i Rogaland. Fjorden ligg mellom øya Brimse, som han er kalla opp etter, og Talgje.

Frå innløpet i aust strekker han seg 4 km nordvestover til Hanasandsundet, som går vidare nordover til Talgjefjorden. I vest møter Brimsefjorden Fognafjorden, som held fram nordaustover, medan Hidlefjorden ligg sør for Brimse.

På vestsida av fjorden, på øya Rennesøy, ligg bygda Østhusvik.