Talgjefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talgjefjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Stavanger
Kart
Talgjefjorden
59°07′49″N 5°49′57″E / 59.13015806°N 5.83236694°E / 59.13015806; 5.83236694

Talgjefjorden er ein sidefjord til Boknafjorden i Stavanger kommune i Rogaland. Det meste av fjorden ligg mellom sjølve Rennesøy i vest og sjølve Finnøy i aust. Fjorden har innløp ved Vignesholmane og strekkjer seg 13 km søraustover til sundet mellom øyane Talgje, som fjorden er kalla opp etter, og Fogn. På andre sida av dette sundet ligg Hidlefjorden. Mellom Fogn og Finnøy går Finnøyfjorden nordaustover på søraustsida av Finnøy.

Mellom Talgje og Rennesøy går Hanasandsundet ned til Brimsefjorden, som ligg på sørsida av Talgje.

Frå Hanasand på Rennesøy går det ferje til Østabø på Talgje og vidare over Talgjefjorden til Ladstein på Finnøy. Frå Finnøy går det ferje til Gjellarvika på Fogn. Ferjekaien på Hanasand vert òg nytta som avlastingskai for Mortavika når det er for dårleg vêr til at ferjene kan legge til kai her eller i tilfelle med stor trafikk.