Brody

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brody
ukrainsk Броди
by
Eit tårn i Brody
Flagg
Land  Ukraina
Oblast Lviv oblast
Koordinatar 50°5′N 25°9′E / 50.083°N 25.150°E / 50.083; 25.150
Areal 8,67 km²
Folketal 23 752  (2011[1])
Folketettleik 2 740 / km²
Grunnlagd 1084
 - Magdeburgrettar 1584
 - Bystatus 1584
Postnummer 80600
Retningsnummer 3266
Kart
Brody
50°04′41″N 25°09′15″E / 50.078055555556°N 25.154166666667°E / 50.078055555556; 25.154166666667
Wikimedia Commons: Brody
Nettstad: Офіційний сайт Бродівської РДА

Brody (ukrainsk Броди, polsk Brody, russisk Броды, jiddisk: בראָד, Brod) er ein by i Lviv oblast (provins) vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Brody rajon (distrikt) og ligg i dalen til øvre Styr, kring 90 km nordaust for Lviv. Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2012).

Oljerøyrleidningane Druzjba- og Odessa-Brody-røyrleidninga

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart først nemnd som bysetnad i 1084 og er trudd å ha blitt øydelagd av Batu Khan i 1241.

Brody fekk Magdeburgrettar og bystatus i 1546, då kjend som Lubicz (Любич, polsk Lubicz). Sidan 1600-talet flytta mange jødar til byen og utgjorde etter kvart 70 % av innbyggjartalet. Frå 1629 kom byen inn under Stanisław Koniecpolski, som gav ordre om å byggje Brody borg (1630–1635). Borga vart teikna av den franske militæringeniøren Guillaume Le Vasseur de Beauplan. I 1648 tok det Bohdan Khmelnytsky åtte veker på å erobre borga. Jødane i byen vart sparte fordi dei vart rekna for å ikkje ha delteke i mishandlinga av rutenarane og måtte derfor i staden berre ein skatt.[2]

I 1704 vart Brody kjøpt av Potocki-familien. I 1734 vart borga øydelagd av russiske soldatar og erstatta av slottet til Stanisław Potocki i barokkstil. I 1772 vart Brody ein del av Habsburg-riket (frå 1804 - Det austerrikske imperiet).

mailovene vart vedteke og mange russiske jødar vart drivne bort kom det i 1881 hundrevis av jødar til Brody dagleg.

Både polske og sovjetiske styrkar gjorde store øydeleggingar i byen under den polsk-sovjetiske krigen i 1920. Etter krigen vart byen ein del av Den andre polske republikken og var i Tarnopol voivodskap. Brody var ein viktig militærbase. Då andre verdskrigen braut ut i september 1939 vart Brody okkupert av den raude armeen. Mellom 26. og 30. juni 1941 fann eit stridsvognslag stad mellom tyske og sovjetiske korps. Tapa var store på begge sider. Tyskarane okkuperte byen 1. juli 1941 og sette jødane i byen i tvangsarbeid. Til slutt vart meir enn 3000 jødar deporterte og drepne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]