Rava-Ruska
| Rava-Ruska | |||
| ukrainsk Рава-Руська | |||
| by | |||
Rådhuset i Rava-Ruska | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Oblast | Lviv oblast | ||
| Koordinatar | 50°13′30″N 23°37′27″E / 50.22500°N 23.62417°E | ||
| Areal | 8,5 km² | ||
| Folketal | 8 328 (2011[1]) | ||
| Folketettleik | 980 / km² | ||
| Grunnlagd | 1455 | ||
| • Magdeburgrettar | 1622 | ||
| • Bystatus | 1939 | ||
| Postnummer | 80316—317 | ||
| Retningsnummer | 252 | ||
![]() Rava-Ruska 50°15′00″N 23°37′00″E / 50.25°N 23.616666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Rava-Ruska | |||
Rava-Ruska (ukrainsk Рава-Руська; russisk Рава-Русская, Rava-Russkaja; polsk Rawa Ruska) er ein by i Lviv oblast vest i Ukraina.
Han ligg nær grensa til Polen, ovanfor byen Hrebenne. Han ligg i Zjovkivskij rajon (distrikt) nær 50°15′0″N 23°37′0″E / 50.25000°N 23.61667°E. Byen har kring 8 000 innbyggjarar.
Byen vart først nemnd i historiske kjelder frå 1455. Han var ein del av Kongedømet Polen og så Det polsk-litauiske samveldet. I 1698 var han åstad for eit møte mellom Peter den store og August den sterke, som førte til Preobrazjenskoje-traktaten. I åra 1772-1918 var han ein del av Det austerrikske riket (Austerrike-Ungarn frå 1867). Mellom 1918 og 1939 var han eigjen ein del av Polen. Sidan 1945 har han høyrt til Sovjetunionen og etter 1991 til det sjølvstendige Ukraina.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rava-Ruska» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2010.


