Brønnøya i Asker
Brønnøya i Asker | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Indre Oslofjord |
Koordinatar | 59°21′27″N 10°32′18″E / 59.35750°N 10.53833°E
|
Areal | 1,4 km²
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Akershus
|
Brønnøya i Asker kommune i Akershus fylke er den nest største av øyane i Vestfjorden utan fastlandssamband. Ei lita kabelferje for personar kan nyttast om sumaren til å kome seg over sundet mellom øya og granneøya Nesøya; Nesøya har ordinært veg- og brusamband til fastlandet. I tillegg er det om sumaren rutebåtsamband til Sandvika. Om vinteren, då sundet frys til, vert kabelferja bytta ut med ei pongtongbru (flytebru) for fotgjengarar.
Øya har eit areal på 1,4 km². Av øyane i Asker og Bærum er berre Ostøya og Nesøya større. På øya er det 362 private parsellar, naturreservat og kommunale strandområde. Øya skal vere utan motorisert ferdsel.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Attraksjonen på øya er ein gammal, restaurert og freda omn for kalkbrenning; ei viktig verksemd i både Asker og Bærum i tidlegare tider[1]. Kalken vart nytta til å mure hus og konstruksjonar i teglstein med.
Busetnad
[endre | endre wikiteksten]På Brønnøya er det 16 eigedommar med fast busetnad og 261 med hytter, og det bur opp mot 100 fastbuande familiar her. Dei seinare åra er det lagt offentleg vatn og avløp på øya og skipa til kommunal søppeltømming, slik at øya i dag framstår som eit bustadområde meir på line med granneøya Nesøya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brønnøya i Asker» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ K. H. Kittelsen: Brent Kalk. 900 år med kalkbrenning i Asker og Bærum. Asker og Bærum Historielag. 2005. ISBN 82-90095-10-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Brønnøya VelDenne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.