Buddhastatue
Buddhastatue eller buddhaskulptur er modellar eller statuar av vesen som har oppnådd «buddhaskap». Mellom dei finn ein Gautama Buddha, som vanlegvis er den ein kalla Buddha. Sanskrit- og palinamnet på slike statuar er buddharūpa, bokstaveleg 'form av den oppvakna'.
Fellestrekk
[endre | endre wikiteksten]Trass i kulturelle og regionale forskjellar i tolkinga av tekstar om livet til Gautama Buddha, finst det nokre generelle retningslinjer for eigenskapane til ein Buddharupa:
- Fingrar og tær er forlenga
- Lang ørnenase
- Forlenga øyreflippar
- Framspringande hovud
- Breie skuldrer
Dei langstrekte øyreflippane vitnar om livet hans som prins, då han bar store smykke i dei. Humpen på toppen av hovudet er ushnisha og står for spiritualitet, visdom og oppvakning.[1]
Regionale variasjonar
[endre | endre wikiteksten]Skildringar av Buddha varierer mykje mellom ulike kulturar.
Tradisjonar
[endre | endre wikiteksten]Bilde av buddhaer byrja å dukka opp i Nord-India frå det første hundreåret e.Kr., og blei utvikla i Gandhara og Mathura. Gandhara-kunsten vart påverka av gammal gresk kunst, noko som førte til utviklinga av gresk-buddhistisk kunst med anatomisk velproporsjonerte og realistiske figurar av Buddha. Ein av dei mest innverknadsrike buddhistiske kunstformene var guptakunst og den seinare Amaravati-stilen. Frå India spreidde avbildinga av Buddha seg til resten av Asia. Buddharupaene i India, Sri Lanka, javanesiske Sailendra og kambodsjansk kunst viser vanlegvis ein velproporsjonert skikkelse, men nokre gongar blir han vist utmagra, til minne om Buddha si tid med asketiske praksisar. Japanske buddharupaer er ofte meir firkanta og solide i form, medan indiske og søraustasiatiske ofte har tynnare figurar.
Kleda kan variera etter område. I Kina og Japan, der det blir sett på som sosialt upassande for munkar og nonner å visa overarmen, har Buddharupa ein tunika og lange erme, omtrent som dei tradisjonelle munkane og nonnene. I India er statuane ofte topplause.
Ein kjend skulptur som ofte blir kalla den glade eller leande Buddha viser til ein annan historisk figur, ikkje Gautama Buddha. Budai, ein kinesisk buddhistmunk òg kjend som Hotei, er avbilda som feit og glad, nesten alltid vist smilande eller leande. Han er assosiert med Maitreya, den framtidige Buddha.
Positurar, gestar og gjenstandar
[endre | endre wikiteksten]Ein statue eller eit måleri av Buddha illustrerer alltid ein mudra eller gest. Framstillingar av Buddha kan i tillegg til å visa han sitjande eller ståande også visa han liggjande eller lenande, til minne om opptakinga hans til endeleg nirvana.
I tillegg til å ha hendene i mudrastillingar kan han også halda symbolske gjenstandar.
Blant hundrevis av mudraer ber dei fem transcendentale Buddhaene, også kalla Dhyani-Buddhaer eller Pancha-Buddhaer, dei viktigaste mudraene. Desse mudraene er som følgjer:
- Dharmachakra Buddha Mudra – Vairochana:
Dharmachakra mudra blir danna av to hender ein held mot brystet med spissen av tomlane og peikefingrane på kvar hand haldne saman. Denne mudraen representer ein læringgest.
- Bhumisparsa Buddha Mudra – Akshobhya:
Denne mudraen, bhumisparsa eller 'røre jorda', er knytt til Buddha Akshobhya. Buddhaen bad moder jord bera vitne om at han hadde oppnådd opplysing. For å visa dette rørte han jorda med den høgre handa si som vitne til opphøginga si, og skapte mudraen.
- Varada Buddha Mudra – Ratna Sambhava:
I denne mudraen ligg høgre hand nær høgre kne. Den venstre handa held ein tiggarbolle. På sanskrit tyder varada ‘å gje ei signing’. Gesten blir danna ved at høgre handflate er vend mot den som skal signast. Fingrane er vende nedover.
- Dhyana Buddha Mudra – Amitabha Buddha:
I denne mudraen er handflatene vende mot kvarandre, og kvar tommel rører den andre. Ein bolle blir halden mellom dei to handflatene. Denne meditative handgesten står for ein tilstand av djup meditasjon og sameininga av visdom og medynk.
- Abhaya Buddha Mudra – Amoghsiddhi :
Abhaya mudra er ein handgest som representerer fryktløyse og vern. Gesten blir vanlegvis uttrykt ved at venstre hand har handflata vendt utover og alle fingrane strekte oppover. Den symbolske tydinga av gesten er at ho skal fordriva frykt gjennom forkynnning. Ein skal oppnå fryktløyse ved å følgja Bodhisattva-vegen.[2]
Moderne bruk
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til i religiøse samanhengar blir buddhastatuar og -skulpturar også mykje brukt som dekorasjonar i heimar og hagar.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Victoria and Albert Museum. «Iconography of the Buddha». Henta 18. februar 2014.
- ↑ Shakya, Amogh (8. april 2018). «Buddha Mudra: Meanings of Five Dhyani Buddha Mudras». Shakya Handicraft (på engelsk). Henta 21. august 2020.
- ↑ Bakas, Adjiedj (1. september 2009), World Megatrends: Towards the renewal of humanity (på engelsk), Infinite Ideas, s. 216, ISBN 978-1-907518-71-3, henta 28. mai 2022
- Denne artikkelen bygger på «Buddharupa» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nirmal C. Sinha, Buddharupa observation of the evolution of the Buddha image, Bulletin of Tibetology, Vol. 1–3, pp. 18–22
- «Thai birth day colors and Buddha image». United States Muay Thai Association Inc. 16. oktober 2004. Arkivert frå originalen 13. januar 2010. «An innovation of the Ayutthaya period.»
- «Borobudur Buddha head». BBC. «A History of The World, The British Museum»